– Renta skal opp
Det er lenge sidan rentevåpenet fungerte i Noreg. Men no må renta opp, for å kjøla ned økonomien, meiner sjeføkonom Harald Magnus Andreassen.
Sentralbanksjef Ida Wolden Bache la fram renteavgjerda og Pengepolitisk rapport 1/22 i Noregs Bank 24. mars.
Foto: Stian Lysberg Solum / NTB
Samtalen
Harald Magnus Andreassen
Sjeføkonom i Sparebank 1 Markets
Aktuelt
Noregs Bank vil auka renta mykje
Samtalen
Harald Magnus Andreassen
Sjeføkonom i Sparebank 1 Markets
Aktuelt
Noregs Bank vil auka renta mykje
jon@dagogtid.no
Noregs Bank har varsla at kvart einaste kvartal framover til og med 2023 skal styringsrenta verta sett opp med 0,25 prosent. Då hamnar ei vanleg bustadrente på 4 prosent, mot rundt 1,5 prosent i koronatida. Samstundes trur Noregs bank at inflasjonen vil halda seg over 2 prosent i tre år framover. Trass i denne sterke auken vert renta truleg ikkje høg nok til at sentralbanken vår maktar å halda inflasjonen der dei bør halda han. I alle høve: Roa som koronaepidemien gav oss i økonomien, er over. Harald Magnus Andreassen er sjeføkonom i Sparebank 1 Markets.
– Eg kjem til å få 40 000 meir i renteutgifter om Noregs Bank får rett i spådomen om rentebana. Det liker eg ikkje. Skal eg lita på rentebana?
– Ja, i det minste fyrste delen av henne. I røynda kunne vi med ein gong gå attende til styringsrenta vi hadde før koronaen. Då var ho på 1,5 prosent. I 2019 var ikkje økonomien betre enn i dag. Han var dårlegare. I dag har vi til dømes langt fleire i arbeid enn då. «Ingen» hadde problem med ei rente på 1,5 prosent. Etterspurnaden etter lån var langt høgre enn kva som vart løyvt. Renta burde altså ha vore mykje høgre i 2019 enn ho var. Vi løyste problemet med stor etterspurnad etter lån, ved å forby dei fleste å låna meir enn fem gonger inntekta og sette eit tak på 85 prosent lån mot eigenkapital.
– Så renta verka ikkje, det gjorde derimot Finanstilsynet?
– Ja, reguleringane har vore ekstremt effektive. Finanstilsynet har laga nokre nydelege figurar som syner korleis lånetakarane har reagert. Svært mange har fem gonger inntekta si i lån, men særs få har sloppe ut av reguleringsburet og ut i det fri. Folk har på langt nær fått låna så mykje som dei ynskte. Utan desse reguleringane hadde låneveksten vore på ein heilt annan planet. Hushalda kunne enkelt tolt mykje høgre lån med det rentenivået vi har hatt dei siste åra.
– Men inflasjonen har vore låg trass i den låge renta?
– Ja, men no er vi ein annan stad. Økonomien veks så fort, og det gjer lønsveksten òg. Med dagens generelle vekst vert lønsveksten over tid for høg, og dimed aukar inflasjonspresset.
– Men den underliggande norske inflasjonen er ikkje så høg. Det er importen og energiprisane som i stor grad driv den samla inflasjonen?
– Det er rett at kjerneinflasjonen i Noreg ikkje er så høg. Sett vekk frå drivstoff og straum ligg han på mellom 2 og 2,5 prosent. Men no er arbeidsløysa snøgt fallande, det er mange ledige stillingar og verksemdene varslar at dei må setta opp prisane. Noregs Bank har oppjustert lønsveksten i år frå 3,2 prosent til 3,7 prosent. Då nærmar vi oss inflasjonskanten. Lønsveksten vert så høg at vi ikkje kan få låg inflasjon over tid. Då nyttar vi pengepolitikken til å endra åtferda til folk. Nær sagt heldigvis er det så mange som har lånt så mykje, at vi ikkje treng gå så høgt med renta. Men ho kjem til å verta så høg at mange nok vil angra på at dei lånte så mange pengar. Då vil renta påverka etterspurnaden, lønsveksten og arbeidsløysa, som kjem til å gå opp.
– Når er vi der?
– Vi veit at dagens renter ikkje balanserer kredittmarknadene i Noreg. Framleis vil folk ha langt meir lån enn dei får. Vi kan ikkje vita når renta tek over reguleringa av lånemarknaden. Men eg vil seia at det ikkje er grunn til gjera noko med reguleringane, til dømes fem gonger inntekt som maksimalt lån, før vi ser at renta har teke over som styraren av etterspurnaden etter lån. Det kan rett nok skje før vi anar. Når folk etter kvart skjøner at renta skal opp, kan det snøgt føra til at dei etterspør mindre gjeld.
– Men kvar gong sentralbankane varslar at renta skal opp, skjer det noko. Vi fekk finanskrisa i 2008, vi fekk oljesjokket i 2014, vi fekk korona og no har vi fått krig i Ukraina. Rentepolitikken skjer seg kvar gong?
– Ja, og det å setta ned renta var i og for seg rett kvar gong. Det var rett då oljesjokket kom, det var rett i starten av koronapandemien, og det var rett etter finanskrisa. Kvart enkelt steg kan forklarast og forsvarast, men vi har hamna på ein stad der vi ikkje vil vera. I Noreg har vi fått eit særs høgt gjeldsnivå. Den låge renta var meir rett i EU og i USA. Der har folk i over ti år vore i nedbetalingsmodus, slik vi var i Noreg etter bankkrisa. I andre nasjonar har folk kvitta seg med låneoverhenget. I Noreg har vi derimot tydd til reguleringar av kredittmarknaden. Men no er veksten i norsk økonomi så høg at vi igjen må ty til rentevåpenet.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

– I Noreg har vi fått eit særs høgt gjeldsnivå.
Fleire artiklar
Rosa rullar av gris – men om skinka er ekte eller ikkje, er ikkje godt å seie ut frå eit bilete.
Foto: Pxhere.com
Kokt skinke
Ikkje eingong «ekte» er det det ein gong var.
Gunnhild Øyehaug har skrive bøker i mange sjangrar etter diktdebuten i 1998. Ho er også lærar ved Skrivekunstakademiet i Hordaland.
Foto: Helge Skodvin
Bulletinar frå ein medviten romanperson
Gunnhild Øyehaug skriv friskt og morosamt om draum og røynd i metaland.
VINNAREN: På søndag vart Herbert Kickls Fridomsparti (FPÖ) for første gongen største parti i det austerrikske parlamentsvalet. Får partiet makt, vil dei jobbe for å oppheve sanksjonar mot Russland.
Foto: Lisa Leutner / Reuters/ NTB
Politikk i grenseland
Austerrikarane ser på seg sjølv som ein fredsnasjon. Likevel røystar ein tredel på prorussiske høgrepopulistar.
Butikkvindauge i Worth Avenue i Palm Beach i Florida.
Alle foto: Håvard Rem
Det blonde reservatet
PALM BEACH: Krig og folkevandring verkar inn på alle vestlege val. Eit amerikansk presidentval kan verka andre vegen òg.
Joaquin Phoenix spelar hovudrolla som Joker.
Foto: Warner Bros. Discovery
Dyster dobbeldose
Denne runden med Jokeren ber det same mørket med nye tonar.