JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Samfunn

– Nedvurderer småbøndene

– Det er heilt uforståeleg at landbruket i utviklingsland ikkje vert prioritert høgare i det norske bistandsbudsjettet, meiner Aksel Nærstad.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Ein bonde i arbeid utanfor Addis Abeba i Etiopia.

Foto: Karel Prinsloo / AP Photo / NTB scanpix

4286
20190712

Samtalen

Aksel Nærstad

pensjonist og aktivist

Aktuell

Vil ha kraftig auke i bistanden til småbønder i u-land

ottar@dagogtid.no

Den norske bistanden til landbruket i fattige land har gått ned dei seinare åra, og det reagerer Aksel Nærstad på. Nærstad er tidlegare leiar for Raud Valallianse og arbeidde i Utviklingsfondet frå 1996 til 2017. Han meiner at støtte til landbruket i fattige land er eit viktig våpen mot ekstrem fattigdom.

I eit innlegg i Nationen hevdar han at dei fleste av dei 800 millionar menneska som lid av svolt og ekstrem fattigdom, er småskalabønder og familiane deira.

Nærstad viser til at både FNs organisasjon for ernæring og landbruk (FAO) og Verdsbanken har slege fast at vekst i landbruket i utviklingsland er langt meir effektivt for å redusera fattigdom enn vekst i andre sektorar.

Nærstad minner om at støtte til landbruket i utviklingsland utgjorde opp mot 30 prosent av den totale norske bistanden på 1970-talet. I fjor gjekk berre 1,4 prosent til landbruket.

– Kva kan liggja bak ei slik nedskjering?

– Eg meiner at det først og fremst er ei nedvurdering av småbøndene og landbruket. Det verkar som det ligg meir prestisje i å satsa på bygging av sjukehus og liknande prosjekt. Det kan nok vera vanskelegare å måla resultat av støtta til småbønder enn å visa til støtte til utbygging av sjukehussenger.

– Er det vanskeleg å få støtta fram til småbøndene?

– Det er ei utfordring. Det er nok lettare å støtta bygging av eit sjukehus eller ein statsinstitusjon. Det krev mykje meir å støtta nokre titusen småbønder enn å støtta eit sjukehus. Mange stader er det eit problem at småbøndene ikkje er organiserte, men samstundes har dei verdas største bondeorganisasjon, La Via Campesina, som Bonde- og Småbrukarlaget er medlem av. Det er ikkje noko godt argument å seia at det er vanskeleg å nå ut, for det er absolutt mogleg. Sjølv arbeidde eg 20 år i Utviklingsselskapet og formidla mykje støtte til landbruksprosjekt. Det same har Det Kongelige Selskap for Norges Vel gjort. Det finst mange organisasjonar både i Noreg og i utlandet som kan visa til gode resultat.

– Kva hjelp er det som når fram til småbøndene?

– Ein kan støtta rettleiing og utveksling av erfaringar, som til dømes å ta i bruk rotasjon av jorda for å auka avlingane. Ein kan hjelpa til med å oppretta kooperativ, slik at ikkje kvar enkelt må stå på marknadsplassen og selja varene sine. Kanskje må dei til storbyane for å finna ein marknad, og då treng dei organisering av transporten.

– Har du døme på at slik støtte har verka?

– Det finst veldig mange gode resultat frå ulike landbruksprosjekt. Det er uforståeleg at landbruket ikkje vert prioritert høgare. Ein skulle tru at også norske styresmakter er opptekne av effektivitet i bistanden. Då bør ikkje det som er mest effektivt, prioriterast bort.

– Du er kritisk til Norfund, som er eit statleg selskap som skal sørgja for økonomisk vekst, sysselsetjing, kompetanseheving og teknologioverføring i u-land?

– Ja, mykje av Norfunds investeringar i landbruk går dessverre til landbruksføretak i stor skala. Eg vart invitert til å halda eit foredrag om landbrukssatsinga deira for nokre år sidan. Då sa eg at det var veldig bra dei satsa på landbruk, men at dei dessverre gjorde alt feil, og eg bad dei slutta med det. Dei investerte i storskala industrilandbruk som var miljøfiendtleg, med tunge maskiner og einsidig dyrking som reduserte fruktbarheita i jorda. Det finst også døme på at dei store selskapa har pressa småbrukarane bort frå den jorda dei hadde drive i generasjonar. Eg har sett på denne typen landbruk som Nordfund har støtta i utviklingsland, og det er verken berekraftig eller bra for å redusera fattigdommen. Det er uforståeleg at Norfund ikkje har prioritert småbøndene høgare.

– Du meiner, som det statleg oppnemnde Bie-utvalet, at det er rett å auka den delen av norsk bistand som går til småskala berekraftig landbruk til 15 prosent?

– Ja, det er den mest effektive bistanden, og det er uforståeleg at den delen ikkje vert prioritert høgare.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

– Ein skulle tru at norske styres­makter var opptekne av effektivitet
i bistanden.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Vetle Bergan og Preben Hodneland som sønene.

Foto: Monica Tormassy

TeaterMeldingar

Eit ikkje heilt vellukka meistermøte

Å setje saman det fremste vi har av dramatikk og regi, treng ikkje gi det beste resultatet.

Jan H. Landro

Utvalsleiar Line Eldring leverer NOU-rapporten om EØS-avtalen til utanriksminister Espen Barth Eide (Ap).

Foto: Terje Pedersen / NTB

Ordskifte
Olav Garfors

Kva er alternativet til EØS-medlemskap?

Anna Kleiva er forfattar og omsetjar.

Anna Kleiva er forfattar og omsetjar.

Foto: Privat

DiktetKunnskap
Svein Gjerdåker

Anna Kleiva er ny diktskribent i Dag og Tid

«Eg ser fram til å arbeida meir med einskilde dikt frå ulike forfattarar.»

Sofi Oksanen er av dei  forfattarane som har fått flest prisar i Norden. Bøkene hennar er omsette til 46 språk. Biletet er frå bokmessa i Wien i 2022.

Foto: Nicola Montfort / Wikimedia Commons

LitteraturKultur
Jan H. Landro

Vald mot kvinner som våpen

Sofi Oksanen ønskte å skrive ei bok som er tilgjengeleg for vanlege lesarar, som kan lesast utan kart og utan at ein treng følgje krigsnyhenda dag for dag. At essayet Putins krig mot kvinner skulle bli så skremmande, såg ho ikkje heilt for seg.

Thor Magnus Tangerås debuterte som lyrikar i 2022.

Foto: Tove K. Breistein

Meldingar

Flyg høgt

Thor Magnus Tangerås skriv ujamt om naturen og teknikken i Landskap med vindturbinar.

Kjetil Berthelsen

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis