– Krona er «normal»
Denne veka måtte vi ut med 10 kroner for 1 euro. Krona svekkjer seg stadig meir.
Økonomiprofessor Ole Honningdal Grytten meiner Noreg er interessant for utanlandske investorar trass i ei veikare – men ikkje veik – krone.
Det er turistsesong, og utlendingane klagar lite i år over norske prisar. Vi nordmenn, derimot, klagar over prisane når vi er ute og reiser. Krona er rekordlåg. Om du var amerikanar og investerte i norske aksjar eller norske eigedom i 2014, ville du i dag ha sete att med mindre pengar enn du investerte. 1 euro kostar i skrivande stund over 10 kroner. Har den norske krona nærast vorten ein u-landsvaluta?
Ole Honningdal Grytten er økonomiprofessor og økonomihistorikar ved Handelshøgskulen i Bergen.
– Kvifor er krona så svak?
– Er ho så svak, då? Eg tykkjer ho ligg der ho skal liggja. Vi har fått høgre prisar enn grannelanda gjennom ein høgre inflasjon. Justert for inflasjonsutvikling ligg ho omtrent der ho skal liggja, etter mitt syn. Når vi nordmenn ser på kva vi må betala for annan valuta, så gløymer vi den særnorske inflasjonen.
– Men vi har då eit stor eksportoverskot takka vera oljen. Skulle ikkje det slå positivt ut for krona?
– Nja... Oljeprisen er lægre enn vi har vore vand med. Om vi samanliknar oljeprisen med kvar han låg i starten av 2014, er han langt lægre. No ligg han og vakar på rundt 60 dollar per fat, og forventningane er vel helst at oljeprisen skal ned. Krona var mykje sterkare då oljeprisen var nær det doble av i dag. Så nei, oljeprisen tilseier ikkje ei sterkare krone.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.