JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Samfunn

– Kina vil vera snyltarar

Kina vil ha tak i vestleg teknologi. Dimed ser handelskrigen mellom Kina og USA ikkje ut til å kunna løysast, meiner Jan Ludvig Andreassen.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Kina er på veg mot eit samla handelsunderskot mot omverda, men har framleis eit stort overskot mot USA.

Foto: Ng Han Guan / AP Photo / NTB scanpix

4806
20190104

Samtalen

Jan Ludvig
Andreassen

Sjeføkonom i Eika
Gruppen

Aktuell

Handelskrigen mellom USA og Kina er langt frå over.

jon@dagogtid.no

Den største økonomiske konflikten i verda i 2019 vert den mellom dei største økonomiane, USA og Kina. No er ein ny amerikansk delegasjon på veg til Kina for å tinga. Jan Ludvig Andreassen er sjeføkonom i Eika Gruppen og har Kina som spesialinteresse.

– Kva botnar konflikten i?

– Det er to hovudliner: Den fyrste er den geomilitære konflikten mellom Kina på den eine sida og særleg Japan, Sør-Korea, Taiwan og USA på den andre. Den andre biten er handelsoverskotet som Kina har med USA. Når det gjeld handelsoverskotet, har Kina ei god sak, seier både eg og dei fleste økonomar med meg. Ja, mellom 2002 og 2008 bygde Kina opp eit ekstremt handelsoverskot med omverda. Det var naturleg, sidan både USA og Europa nærast eksporterte store fabrikkar til Kina over natta. Og det som vart att i Vesten av industri, vart att av di eigarane skvisa fagforeiningane her heime beinhardt, løna gjekk ned og pensjonsrettane forsvann. Det har gjort særleg amerikanske veljarar bitre og rasande, og eg forstår dei svært godt.

– Men slik er det ikkje lenger?

– Nei. Kina er faktisk på veg mot eit samla underskot mot omverda. Men ja, dei har framleis eit stort overskot mot USA. Den bilaterale delen der kan løysast nokså enkelt, og Kina har vist teikn til å vilja gjeva USA konsesjonar. Dei fleste økonomar vil seia at Kina har ei god sak sett i lys av at systemet går mot balanse og Kina importerer meir og meir. Nei, det store problemet er at Kina vil stela teknologi og idear frå omverda og Vesten. Dei vil vera snyltarar på innovasjonen til andre. Denne stelinga er gjerne knytt til verksemder der den kinesiske staten er tungt inne, og der den militære etterretninga hentar ut informasjon, typisk gjennom Huawei. Dette har gjort heile omverda rasande, og det med god grunn. Så nei, det som får hovudmerksemda i pressa, handelsbalansen mot USA, er ikkje problemet. Det er strategien som Kina nyttar for å veksa gjennom teknologi, som er det store og truleg uløyselege problemet.

– Det er mykje snakk om at Kina eig mykje av den amerikanske statsgjelda, og at Kina kan svara med å dumpa amerikanske statsobligasjonar på marknaden og slik svekkja USA. Men då kan vel berre den amerikanske sentralbanken trykkja dollar og kjøpa det meste?

– Det er rett. Og kva skal Kina kjøpa i staden? Ein slik kamp kan ikkje Kina vinna, sidan sentralbankane kan kjøpa det dei vil av statsgjeld. Eg trur ikkje Kina eller president Xi Jinping tenkjer slik i det heile. Det er eit blindspor. Den store og farlege konflikten går rett gjennom det kinesiske kommunistpartiet. Du har éi fløy, den gamle Deng Xiaoping-skulen som er marknadsliberalistisk, og så har du Xi Jinping-skulen, som er i tradisjonen til Mao med sterk statleg styring. Jinping snakkar framleis marxistisk tåkepreik, men er truleg inspirert av det vi i Vesten no har forlate, nemleg sterk statleg industrisatsing. Difor trur eg ikkje teknologikonflikten kjem til ei løysing, for Jinping sit ikkje lenger berre til 2022, som han skulle. Om ikkje noko spesielt skjer, sit han på livstid, heilt mot tankane til Deng Xiaoping. Han har forplikta seg til å skaffa vestleg teknologi og har ikkje noko å gje på det feltet.

– Men kvifor prøver ikkje Kina sjølv å verta innovative? I 1950-åra var vi alle redde for at Sovjetunionen skulle verta sterkare og rikare enn Vesten, av di produksjonen gjekk så kraftig opp. Men det synte seg at dei fekk vekst gjennom kopiering, og all vekst stogga til slutt opp av di dei sjølve ikkje var nyskapande.

– Vel, folk har det med ikkje å vera så innovative i diktatur. Tenkjer ein nytt, hamnar ein lett i fengsel. Problemet er at Kina sit med ei kjensle av at landet har dårleg tid på å verta rikt. I 2007 vart det laga eit stort scenario av kinesiske og amerikanske intellektuelle, China 2030. Den studien synte at Kina ikkje ville verta verkeleg rikt før dei vart gamle. Mellom dei som laga studien, var den noverande statsministeren Li Keqiang. Han og hans gjeng veit at Kina har frykteleg dårleg tid før demografien vert elendig. Då vert steling av teknologi ein snarveg, men det systemet møter altså no ekstrem motstand frå omverda og særleg USA. Det er mogleg at eg er for prega av vestlege briller, men eg trur Jinpings strategi er farleg og feilslegen over tid. Men før det kjem ein renessanse for Deng Xiaopings gjeng, ser eg ikkje noka løysing. Konklusjonen er truleg at verda er på veg mot ein ny lågkonjunktur.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

– Folk har det med ikkje å vera så innovative i diktatur. Tenkjer ein nytt, hamnar ein lett i fengsel.

Emneknaggar

Fleire artiklar

EssayFeature

Sluttoppgjer

Nokre tal får me tildelte så snart Skatteetaten har motteke fødselsmeldinga. Andre vert plukka opp undervegs i livet, eller avslørte når det nærmar seg slutten.

IvarDale

Sofi Oksanen er av dei  forfattarane som har fått flest prisar i Norden. Bøkene hennar er omsette til 46 språk. Biletet er frå bokmessa i Wien i 2022.

Foto: Nicola Montfort / Wikimedia Commons

LitteraturKultur
Jan H. Landro

Vald mot kvinner som våpen

Sofi Oksanen ønskte å skrive ei bok som er tilgjengeleg for vanlege lesarar, som kan lesast utan kart og utan at ein treng følgje krigsnyhenda dag for dag. At essayet Putins krig mot kvinner skulle bli så skremmande, såg ho ikkje heilt for seg.

KommentarSamfunn
EinarHaakaas

Gjengkrim – ein varsla katastrofe

Det går knapt ein dag utan grove valdshendingar i Oslo. Bak står gjengar og mektige kriminelle nettverk som har vakse fram dei siste ti åra.

For Balázs Orbán, som er politisk rådgjevar for statsministeren, er jobben å halda fast ved dei langsiktige måla til regjeringa mellom alle dei mindre og større oppgåvene i kvardagen.

Foto frå heimesida til Orbán Balázs i regjeringa

UtanriksSamfunn
JeppeBentzen

Verda ifølgje Orbán

BUDAPEST: I ei ny bok fortel ideologen til Viktor Orbán korleis Ungarn vil utfordra den liberale verdsordninga. Weekendavisen har møtt han.

Myndigheten för psykologisk försvar set drapet på to svenske fotballsupporterar i Brussel i oktober i fjor i samanband med påverknadskampanjar mot Sverige.

Foto: Martin Meissner / AP / NTB

Samfunn

Framande makter mot folkhemmet

Sverige merkar presset frå Russland, Kina og Midtausten og har sett ein statleg etat til å spore opp påverknadskampanjar. Bør Noreg gjere det same?

Christiane Jordheim Larsen

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis