– Ikkje eit alternativ å gjera ingenting

Leiaren av SINTEF-konkurransen, arkitekt Anne Gunnarshaug Lien, meiner at dei tre kritikarane har mistydd kva konkurransen om klimavenlege hus handla om.

Anne Gunnarshaug Lien, leiaren av SINTEF-konkurransen.
Anne Gunnarshaug Lien, leiaren av SINTEF-konkurransen.
Publisert

– Det som er viktig å forstå er at denne konkurransen ikkje handla om å gjera ingenting. Alle dei seks familiane som hadde kjøpt hus, hadde planar om større utbyggingar og oppgraderingar. Vi gav familiane gjennom dei seks framlegga i konkurransen høve til å få meir areal- og ressurseffektive løysingar som var betre enn om dei skulle ha gjennomført oppgraderingane utan hjelp frå konkurransen, seier Anne Gunnarshaug Lien, som er leiar for Opptre-prosjektet.

Målet med forskingsprosjektet er å taka utgangspunkt i reelle folks behov i reelle situasjonar innanfor dei budsjetta folk har, seier ho.

– Vi syner klimagassbudsjettet, økonomibudsjettet og energibudsjettet. Så kan dei sjølve vurdera kva dei vil gjera. Det typiske er at når personar kjøper eit eldre hus, så oppgraderer dei alt innvending. Deretter ser dei på tak og veggar utvendig. Dimed har dei ikkje ei samla oversikt over økonomi, energibehov og klimabelastning. Målet har vore å visa kva ting kostar, både på energi, klima og økonomi.

– Ikkje endeleg svar

Dette har ikkje vore ein konkurranse om å koma legst mogleg i klimagassutslepp, understrekar Lien.

– Ein må samanlikna våre resultat med kva desse seks familiane hadde gjort utan vår hjelp. Det er mykje vi kan gjera for å få ned utslepp: Vi kan slutta å køyra bil, slutta å taka fly og lata vera å oppgradera og pussa opp hus. Men folk kjem til å halda fram med å oppgradera gamle hus. Vi ville auka forståinga for kva val ein har. Denne konkurransen gjev ikkje eit endeleg svar.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement