JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Samfunn

– Høge mat­prisar, pass på!

Matprisane er rekordhøge. Internasjonale organisasjonar som FN og Det internasjonale pengefondet åtvarar om at det kan føre til sosial uro i utsette land. Dersom det skjer, vil det ikkje vere første gongen.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Jurij, ein ukrainsk bonde, går med skotsikker vest og hjelm når han jobbar i åkeren, midt under Russlands invasjon av Ukraina, i Zaporizjzjia-regionen 26. april 2022.

Foto: Ueslei Marcelino / Reuters / NTB

11665
20220513
11665
20220513

Mat

redaksjonen@dagogtid.no

Den 13. desember 2010 leverte to forskarar ved det amerikanske New England Complex Systems Institute, Yaneer Bar-Yam og Marco Lagi, ein rapport til staten om dei sosioøkonomiske følgjene av finanskrisa. I rapporten åtvara dei om at høge internasjonale matprisar ville kunne føre til sosial uro og politisk ustabilitet i utsette land.

Fire dagar seinare sette Mohamed Bouazizi fyr på seg sjølv i Tunisia, og med det byrja den såkalla arabiske våren. Det er ikkje dermed sagt at dei spådde den arabiske våren, eller at matprisar er hovudårsaka til opptøyane, men åtvaringa deira viste seg å vere treffande.

Resonnementet

I ein artikkel frå september 2011 forklarte Bar-Yam, Lagi og Karla Z. Bertrand den logiske koplinga mellom matprisar og politisk ustabilitet. Logikken er forførande enkel. Som følgje av internasjonal økonomisk integrering har fleire utviklingsland blitt avhengige av den globale matmarknaden. Dette skil seg frå tidlegare periodar der sjølvbergingsjordbruk har vore utbreidd. I matimporterande land med låg kjøpekraft har statsmakta ei sentral rolle i å sikre mattryggleiken til befolkninga. Befolkninga er difor avhengig av det politiske systemet for å sikre ein grunnleggande levestandard, og dette gjeld spesielt for marginale grupper i befolkninga, som til dømes kan vere avhengige av matsubsidiar.

Denne rolla til statsmakta skapar støtte, eller aksept, i befolkninga for det politiske systemet, sjølv om det er autoritært og urettferdig. Dersom matprisane aukar og gjer statsmakta ute av stand til å sikre mattryggleiken for befolkninga, forsvinn grunnlaget for støtta til staten. Dersom folk risikerer å svelte om det ikkje skjer noko, har dei ikkje lenger noko å tape på å gjere motstand. Når denne terskelen er kryssa, vil motstanden kunne gje uttrykk for eit breitt utval av misnøye, noko som medverkar til å skjule den utløysande årsaka. Personleg røynsle i den privilegerte verda tilseier òg at underliggande misnøye fort kan blusse opp når ein er svolten.

Statistikken

For å vurdere om det fanst ei kopling mellom matprisar og politisk ustabilitet, samla dei data om matprotestar og matprisar og sette dei saman i figuren me gjev att her. Tala er slåande. Ein ser ein klar samanheng mellom høgare matprisar og protestar, og ein ser at byrjinga av den arabiske våren er tett kopla mot matprisauken mot slutten av 2010.

Sjå figuren til Bar-Yam: Y-aksen viser verdien på den internasjonale matvareindeksen til FNs organisasjon for ernæring og landbruk (FAO). Indeksen måler månadlege endringar i internasjonale prisar for ei gruppe grunnleggande matvarer. Referanseverdien i figuren er gjennomsnittsverdien mellom 2002 og 2004, som er sett til 100. Tala syner dermed endringar i grunnleggande internasjonale matvareprisar over tid. Dei raude stipla linjene viser kva tid matopptøyar og protestar knytte til uroa i Nord-Afrika og Midtausten byrja, dødstala er viste i parentes. Den blå stipla linja syner datoen, 13. desember 2010, då dei leverte ein rapport til amerikanske styresmakter om koplinga mellom matprisar, sosial uro og politisk ustabilitet.

Det er ein open debatt om matprisane «står bak» eller berre utløyser protestar. Eit teikn på at matprisar er viktige, er at nesten alle regima i Midtausten og Nord-Afrika som følte seg trua i 2010–11, svarte med å auke matsubsidiane.

Forholdet mellom matprisar og sosial uro sidan 2004.

Figur: Bar-Yam mfl.

Spekulasjon og krig

Me har tala med ein av forfattarane av artikkelen, Yaneer Bar-Yam, direktør for New England Complex Systems Institute. Han meiner det ikkje bør overraske nokon at matprisar kan skape opptøyar.

– Dette har vore eit historisk fenomen, me veit at matmangel kan føre til revolusjonar. Revolusjonane i 1848 var knytte til tørkeperiodar i Europa. Dei franske og russiske revolusjonane har òg vore kopla til mattryggleik, seier Bar-Yam.

I tillegg til å analyse koplinga mellom matprisar og politisk ustabilitet, skreiv Bar-Yam og kollegaane hans ein artikkel om årsakene til matprisinflasjon. I den spora dei prisauken til to ting: etanolproduksjon og marknadsspekulasjon. Etanol er brukt i drivstoff, og mesteparten blir laga ved å fermentere sukkeret i stivelsen i kornslag som mais og bygg eller sukkeret i sukkerrøyr og sukkerbeter. I USA er det 10 prosent etanol i nesten alt drivstoff folk kjøper. Det betyr at store landbruksareal, som elles kunne blitt brukt til å lage mat, blir brukt til å lage etanol. USA er verdas største etanolprodusent, og staten legg til rette for etanolproduksjon. Den andre årsaka er spekulasjon i råvaremarknader, noko finanskrisa bidrog til gjennom å drive pengar frå eigedoms- og aksjemarknader til råvaremarknader.

– Fekk rapporten dykkar nokon politisk respons?

– Svaret på det er at me klarte å få noko merksemd, men inga handling. Funna våre vart diskuterte fleire stader, og me samhandla med Kongressen for å gje dei vår vitskaplege vurdering, men politiske krefter gjorde at politikken som undergrev stabile matprisar, heldt fram.

– Må ein ikkje no legge til krigen mellom to store matvareeksportørar som ei forklaring på prisauken?

– Jo, det er det ingen tvil om, men prisane hadde alt gått opp før krigen. Dei var faktisk rekordhøge før krigen. Krigen har berre helt bensin på bålet. Ein bør ikkje undervurdere tilhøva før krigen, men krigen har skapt enorme utfordringar. Ukraina og Russland står for rundt 30 prosent av kveite- og byggproduksjonen i verda og ein femtedel av maisen. Når prisane går opp, kan det kome av ei direkte avgrensing av kor mykje korn som kjem inn på marknaden, men det kan òg kome av at marknadsaktørar forventar at prisen vil gå opp. Begge faktorar medverkar til prisauke, og det kan vere vanskeleg å skilje dei frå kvarandre.

Gjeld og faresoner

Bar-Yam legg vekt på at aukande internasjonale matprisar ikkje fører direkte til matopptøyar, ettersom matsubsidiar kan halde prisane under farlege nivå. Problemet oppstår når ein importavhengig stat ikkje er i stand til å verne befolkninga mot høge prisar gjennom subsidiar. Når ein stat ikkje sjølv kan finansiere subsidiane, må han ta opp lån, og det er avgrensa kor mykje låneforpliktingar ein stat kan ta på seg. Dersom det er behov for naudfinansiering frå Det internasjonale pengefondet, vil slik finansiering ofte kome med krav om å kutte subsidiar for å redusere gjelda. Det er med andre ord ikkje berre snakk om høge matprisar, men finansiell evne til å handtere høge prisar.

I mars varsla ein FN-rapport at rundt 60 prosent av låginntektsland har, eller står i fare for å ha, gjeldsproblem. Ein FN-rapport frå førre månad var endå tydelegare: «Me står på kanten av ei global gjeldskrise.» Først pandemien, så dei økonomiske problema pandemien skapte, no krig, veksande prisar og mogleg gjeldskrise. Det ser ikkje bra ut. Betyr dette at ein vil sjå sosial uro og protestar i utsette land?

– Eg vil kome med nokre atterhald, men det er ingen tvil om at me er i ei faresone. Då me gjorde vår vurdering i 2011, var det berre gått eit par år mellom dei kraftige prisaukane. No er det gått om lag eit tiår, og eg veit ikkje kvar terskelen er for at høge matprisar fører til sosial uro. Utviklinga vil òg kome an på evna styresmakter og finansinstitusjonar har til å subsidiere mat. Heilt enkelt kan ein enn seie det slik: Høge matprisar, pass på! Men gjennom å passe på kan land gjere ting for å minske faren, som å subsidiere mat, gje nødhjelp eller innføre tiltak for å senke internasjonale matprisar, seier Bar-Yam.

Mange utfordringar

Ein region som er spesielt utsett, er Midtausten og Nord-Afrika. Regionen er avhengig av kveiteimport og får mesteparten frå Russland og Ukraina. For å sjå på kva land i denne regionen som er i faresona, har me tala med Midtausten-ekspert David Rosenberg. Han er økonomiredaktør og spaltist i Haaretz, den eldste avisa i Israel.

I 2011 skreiv han ein artikkel med tittelen «Mat og den arabiske våren», der han forklarte korleis manglande mattryggleik i Midtausten og Nord-Afrika bidrog til å skape høve for politisk ustabilitet. Han peikte på mange utfordringar, mellom anna låg produktivitet i jordbruket, høg befolkningsvekst, dårleg tilgang på vatn, finansielt krevjande subsidiar og mangel på strukturelle reformer.

Me spør han om han har sett endringar sidan den gong.

– Ikkje mange endringar. Det har vore nokre endringar her og der, men ikkje substansielle endringar. Ei årsak til det er at den arabiske våren ikkje skapte nokon revolusjon i styreform i regionen. Regima er bekymra for uro eller revolusjon, og noko av det mest sensitive for vanlege folk er matprisar. Bortsett frå dei rike golflanda, som har petroleum, er regionen ganske fattig. Mat utgjer ein stor del av månadsbudsjettet til ein familie. Til forskjell frå folk i Vesten har ikkje vanlege folk økonomisk slingringsmon. Når matprisane stig, går det ut over andre ting, og då er det ikkje snakk om ein ferie eller ein ny bil, men det å klare seg gjennom månaden. Derfor er det vanskeleg for styresmaktene i regionen å avvikle subsidiar, seier Rosenberg.

Han legg til at global oppvarming påverkar regionen raskare enn i andre delar av verda, og at statane i regionen ikkje har evna til å handtere slike utfordringar.

– Store delar av regionen består av mislukka statar (failed states) eller nesten-mislukka statar, til dømes Syria, Libya og Jemen. Irak vinglar på kanten, det same gjer Libanon. Når ein ser på det store biletet, er det vanskeleg å sjå lyspunkt. Det finst store strukturelle problem og manglande evne til å gjere noko med dei.

– Kva land meiner du er mest utsette for politisk ustabilitet som følgje av høge matprisar?

– Egypt er utsett. Landet har ei lang historie med at folk er sensitive for matprisar, noko som forklarer kvifor styresmaktene ikkje har gjort noko med subsidiane. Egypt er verdas største importør av kveite, så staten er veldig sårbar for det som skjer i Ukraina. Ukraina og Russland stod for om lag 80 prosent av Egypts kveiteimport før krigen. Så dette er ein ekstremt utsett situasjon for landet. Styresmaktene gjer det dei kan, men storleiken og omfanget av problemet er enormt. Tunisia er utsett. Landet går no gjennom ei politisk krise, og det går dårleg med økonomien. Libanon er utsett. Der er det stor naud, og vanlege libanesarar toler ikkje nok ein støyt i tillegg til alt anna dei må leve med. Dette er nokre av dei mest utsette landa.

– Har det vore nokon matopptøyar fram til no i 2022?

– Ikkje enno, nei. Ikkje noko som er stort nok til å vekkje merksemd. Det er vanskeleg å spå om slike ting. Ein må ta med i vurderinga at den arabiske våren var slik ein dyster fiasko at det skal meir til før folk protesterer i gatene denne gongen. Det finst ikkje mykje optimisme. I Egypt har Sisi, den autoritære leiaren i landet, bygd opp ein omfattande politistat, meir undertrykkande og mindre tolerant enn Mubaraks regime. Dette avskrekkar folk frå å gå ut på gatene. Ein annan faktor som er viktig i Egypt og andre land i regionen, er at kostnadene med å subsidiere mat skyt i vêret. Egypt kan ikkje bruke uendeleg med pengar på subsidiar. Så styresmaktene blir skvisa mellom frykt for at høge matprisar vil føre til sosial uro, og avgrensa evne til å subsidiere mat.

Akilleshælen

Rosenberg peiker på at mange meiner pandemien og krigen i Ukraina kan føre til at den globaliserte verdsøkonomien bryt saman. Dersom land ikkje lenger kan gå ut frå at dei vil kunne få matforsyningar når dei treng det, står Midtausten og Nord-Afrika overfor ei enorm krise.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Teikning: May Linn Clement

KommentarSidene 2-3

Vill vest i villmarka

Det har gått hardt for seg i den norske fjellheimen dei siste åra. Slik blir det når dei som kunne ha dratt i naudbremsen, er blant dei største pådrivarane for nedbygging av natur.

Astrid Sverresdotter Dypvik

Robert Mood er tidlegare generalmajor og har mellom anna vore generalinspektør for Hæren.

Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB

Ordskifte

En utilstrekkelig langtidsplan

Vi har større og mer fundamentale sårbarheter enn noen gang før som nasjon, samtidig som vi er dårligere forberedt enn på lenge.

RobertMood

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis