🎧 Frå fengselsflåtar til skyskraparfengsel
Fangane på fengselsøya i New York blir flytta inn på fastlandet. Nedlegginga av Rikers er kanskje eit teikn på at verdas mest oppblåste fengselssystem vert rusta ned.
Rikers Island Prison Complex i East River, mellom Queens og Manhattan i New York City.
Foto: Mike Segar / Reuters / NTB scanpix
Rikers Island Prison Complex i East River, mellom Queens og Manhattan i New York City.
Foto: Mike Segar / Reuters / NTB scanpix
Lytt til artikkelen:
USA
ida@dagogtid
Torsdag 17. oktober vedtok byrådet i New York å leggje ned den notorisk brutale fengselsøya Rikers Island. Øya, som ligg heilt nord i elva som skil Manhattan frå Brooklyn og Queens, har lenge vore eit symbol på det ein kallar massefengslingsepoken i USA. Landet har den høgaste fengslingsraten i verda og eit dysfunksjonelt fengselssystem som mange meiner sementerer landets lange tradisjon for strukturell rasisme.
«Gjer deg klar for gladiatorskulen», sa ei fengselsvakt til 16-åringen Vidal Guzman då han vart køyrd over brua til Rikers. Til BBC fortalde guten at han alt fyrste veka av fengslinga såg to tenåringar hengje seg, og vakter som selde dop og delte ut knivar. Ein kan finne mange tilsvarande forteljingar om unge, oftast latinamerikanske eller afroamerikanske gutar som vert plukka opp for småkriminalitet og sende på gangsterskule på øya.
No skal Rikers verte stengd innan 2026 og erstattast av fire mindre fengsel i lokalsamfunna i dei fire bydelane Brooklyn, Bronx, Queens og Manhattan i New York City. Argumentet er at ein vil gi betre kriminalomsorg om fangane sit i fengsel nær der dei kjem frå, slik at pårørande lett kan kome på besøk, og slik at fangane kan førast tilbake til samfunnet så saumlaust som mogleg. Dei nye fengsla skal bli tryggare og meir helsesame, blir det sagt, og dei skal tilby jobbtrening, psykologar og kurs.
Til saman skal dei nye fengsla halde om lag 3300 fangar dagleg, ein kraftig reduksjon frå dei om lag 7000 som no til kvar tid sit på Rikers. Årsaka til at ein kan halvere talet på celler, er fyrst og fremst at valdskriminaliteten i landet er halvert sidan tidleg på nittitalet, og at det noverande bystyret i mindre grad enn tidlegare arresterer folk for småplukk. Vonleg vil reduksjonen i disponible senger også føre til at ein lèt færre uskuldige visne vekk i fengsel.
Kalief Browder
Parallelt med at New York gradvis har blitt ein trygg og relativt fredelig by, har den ofte vilkårlege brutaliteten i fengselssystemet blitt tydelegare. Dette har gitt kraft til nedleggingskampanjane. Særleg dei siste par åra har Rikers fått mykje negativ pressedekning, takka vere gode journalistar som ved å løfte fram enkeltforteljingar har gjort rota til systemet allment kjend. Eit døme er forteljinga om Kalief Browder.
I 2010 vart sekstenåringen Browder arrestert for å ha stole ein ryggsekk, noko han sjølv hevda han ikkje hadde gjort, og send til Rikers. Der blei han sitjande i tre år, av di han ikkje hadde råd til å betale kausjonen. Då Browder omsider fekk møte i retten, blei han frikjend, og etter lauslatinga prata han ope til journalistar om det som hadde hendt han på øya. Saka fekk mykje merksemd, utan at såra vart lækte av den grunn. Han tok livet av seg i 2015, to år etter frikjenninga.
I 2017 kom filmen Time: The Kalief Browder Story, eit samarbeid mellom musikaren Jay Z og filmprodusenten Harvey Weinstein. Merksemda rundt sjølvmordet, og andre liknande saker, la press på politikarar og gjorde jobben enklare for aktivistane som kjempa for nedlegging av det dei kallar «Torture Island». Presset blei til slutt sterkt nok til at den noverande borgarmeisteren i New York, Bill de Blasio, endra ståstad frå å vere mot nedlegginga til å vere for. «I dag har vi skrive historie», sa de Blasio etter avrøystinga i førre veke. «Massefengslingsepoken byrja ikkje i New York – men han sluttar her.»
Flytande fengsel
Når fengselsøya no stengjer, stengjer òg det langt underlegare og mykje mindre kjende Venron C. Bain-senteret – eit flytande fengsel, oppkalla etter ein fengselsdirektør på Rikers som døydde i ei bilulukke. Seint i 1980-åra sa den dåverande borgarmeisteren, Edward I. Kock, at desse flytande fengsla var framtida. Flytande fengsel skulle verte essensielle verkemiddel i kampen for å smadre dei kriminelle miljøa, meinte borgarmeister Kock.
I 1992 drog slepebåtar flåten inn gjennom East River og la han til kai på sørsida av Bronx. Eit femetasjes flytande fengsel utan motor, som ifølgje dei som har vore om bord, duvar opp og ned med bølgjene. «Det er som å liggje i lasterommet på eit moderne slaveskip», sa ein tidlegare innsett. Han meinte flåten var mykje verre enn Rikers, der ein i det minste fekk gå ut og lufte seg. «Eit moderne slaveskip eigd av New York City», sa han. Eigentleg skulle flåten berre vere ei mellombels avlastning for å takle crack-epidemien som råka byen tidleg i 90-åra, då nesten 23.000 fangar sat i varetekt i byen, men flåten blei liggjande. No husar han om lag 800 fangar.
Også desse fangane skal no flyttast inn i høghus i strøka der folk bur, og gå frå å vere fengselsfisk til å verte fengselsfuglar. Det inneber at folk flest i større grad må sjå på fengsla som ein del av samfunnet, på lik linje med sjukehus og bibliotek. Med dette aukar kanskje sjansane for at folk vil bry seg om korleis dei fengsla vert behandla.
Ikkje i min bakgard
Eg budde ved Court Street i Brooklyn Hights i to år før eg såg skuggane av fangar som lente seg mot dei sota glasa høgt over barane og kafeane. Fyrst då eg fekk auga opp for fengselet, såg eg dei lugubre kausjonsbyråa som skilta med billige lån nede på gateplan, til folk som ville betale ut ein kjenning eller seg sjølv: Empire Bail Bonds, IC Bail Bonds og Affordable Bail Bonds – i gullbokstavar mot falma svart bakgrunn. No såg eg det same då eg rusla over Brooklyn Bridge, til rådhuset i Manhattan: THE Bail King LLC, Bail NYC og Rapid Fire Bail Bonds – leverandørar av eit nokså perverst konsept som finst nesten berre i USA og på Filippinane. Det var fyrst då eg oppdaga fengselet, Brooklyn Detention Complex, at eg såg korleis det hadde forma nabolaget rundt.
I den utsette bydelen Bronx er ein positiv til å få fengselet og alt som følgjer med det inn i nabolaget. Mange her har folk å vitja på innsida. I andre område, som på den rike sida av Brooklyn Heights, er folk derimot skeptiske. I september såg eg ein bråte yogamammaer i rådyre lulullemon-tights protestere utanfor fengselet som no skal utvidast. Dei meinte fangane frå Rikers ville gjere nabolaget deira farlegare, og dette ropte dei om i slagorda sine, medan karibiske dagmammaer dytta barnevognene deira rundt kvartalet.
Debatten er ikkje ny. I 2016 åtvara dåverande politimeisteren i byen, William Brattan, mot å stengje Rikers. «Vi har diverre mange farlege folk her i byen», sa han. «Meiner de verkeleg at vi skal flytte desse folka frå øya og inn i områda der folk bur?»
«Ja, det meiner vi faktisk», svarte den liberale avisa New York Times på leiarplass. Avisa meinte at å byggje moderne fengsel der folk bur, er den beste løysninga både for dei som er fengsla, og for nabolaget dei kjem frå. Lokale fengsel skal i alle høve ikkje isolere dei farlegaste medlemene av samfunnet i tiår eller på livstid, slik dei statlege fengsla for langtidssoning skal. Heile poenget er å få folk tilbake i samfunnet så fort som råd. For dess lenger ein sit inne, dess større er sjansane for at ein kjem ut av fengsel som hardbarka kriminell.
Ein vonar at dette er eit vendepunkt i New Yorks grumsete fengselshistorie. Og om ein ser det i eit langt tidsperspektiv, og overser alle innfalla til den noverande presidenten, er det kanskje eit teikn på at fengselssystemet gradvis vert rusta ned.
I presidentens forteljing gjer flyktningar frå det han kallar «shithole countries» USA farlegare, men mykje tyder på at fengselssystemet sjølv er eit viktigare fareelement. Derfor kan det tenkjast at den lokale avgjerda om å stengje Rikers på sikt er eit mykje djupare og radikalt inngrep i samfunnsstrukturen enn dramaet som utspeler seg på nasjonalt nivå. For meir enn noko anna er det fengselssystemet som gjer USA til det ein framleis, med presidentens vokabular, kan kalle eit «shithole country».
«I dag har vi skrive historie... Massefengslingsepoken byrja ikkje i New York — men han sluttar her.»
Bill de Blasio
Fengsling i USA
I USA skil ein mellom «prison» og «jail». «Prisons» er for langtidssoning og vert drifta av staten eller delstaten, medan «jails» ofte er lokale og skal brukast til varetektsfengsling og korttidssoning. Rikers er eit «jail».
USA har verdas høgaste fengselsrate, med over 700 fangar per 100.000 innbyggjarar.
USA utgjer berre 4,4 prosent av innbyggjartalet, men har 22 prosent av fangane i verda.