¿ Føre nedturen
Verda er kan henda på veg inn i ein økonomisk nedtur. Som så ofte før dei siste åra handlar det meste om Donald Trump.
Ver helsa. Eventuelt ha det for godt. Donald Trump forlét G7-møtet i Frankrike no i helga. Det kom ikkje noka fråsegn om kva leiarane av dei store verdsøkonomiane var samde om. Sånn plar det vera med Donald Trump.
Foto: Carlos Barria / Reuters / NTB scanpix
Lytt til artikkelen:
To spørsmål dominerer for tida i internasjonal presse: Vert Donald Trump attvald, og er verdsøkonomien på veg inn i ein resesjon? Dei to spørsmål heng tett saman. For utan ein økonomisk nedtur ligg Trump godt an til å verta attvald.
Dei amerikanske politikarane, dei to store amerikanske partia og dei politiske institusjonane ålment er særs upopulære mellom amerikanske veljarar. Det er ikkje lenger eit spørsmål om kor positivt amerikanarane ser på dei som dei skal velja, men kor lite negativt. Samanhengen får vi kan henda best fram ved å leggja saman dei positive og negative tala som amerikanske meiningsmålarar hentar frå usikre kongressdistrikt. 48 prosent av veljarane der seier dei er positive til Trump, 50 prosent er negative. Trump er på minus 2 prosent.
Det er likevel mykje betre enn Elizabeth Warren, som har eit resultat på minus 9. Joe Biden har minus 17, Bernie Sanders er på minus 23. Trump er òg mykje meir populær enn Det republikanske partiet som har minus 31, mot Det demokratiske partiet som står på minus 15. Trump vert altså attvald og kjem til å møta ein demokratisk kongress om meiningsmålingane held seg, er den unyanserte konklusjonen.
Ein dårleg vits
Det som kan velta det heile, om soga er noko å gå etter, er mest truleg ein resesjon. Sitjande presidentar tapar stort sett berre om amerikansk økonomi er i attendegang. Er så verdsøkonomien, og dimed truleg amerikansk økonomi, på veg inn ein resesjon? Som det heiter i vitsen om økonomen: «Han var så god at han spådde 12 av dei 7 siste nedturane.»
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.