JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Samfunn

– Flytt makta ut av hovudstadane

Oxford-økonomen Paul Collier vil reformera kapitalismen, som har fungert stadig dårlegare dei siste 40 åra.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Nesten all politisk og finansiell makt i Storbritannia er no samla i London. Økonomen Paul Collier meiner det er naudsynt å overføra politisk makt til lokale aktørar med såkalla taus kunnskap, det at ein berre veit noko som er viktig, utan at det er heilt formulert.

Foto: Frank Augstein / AP / NTB scanpix

10253
20190517
10253
20190517

Kapitalisme

jon@dagogtid.no

Kvifor fungerer ikkje britiske politikk lenger? Av di partia for lenge sidan slutta å gje britane det britane treng. Folk har gått lei.

– Ein prosent av britane er medlemer av eit politisk parti. Kven er denne eine prosenten som styrer Storbritannia? Det er reine ideologar, og dei finn vi i to særskilde aldersgrupper. Vi har dei eldre mennene i Tory som er klare for gamleheimen. Labour, på si side, er styrt av ideologiske born. Og så må resten av oss 99 prosent velja. Vil vi ha dei presenile eller ungane?

Sitatet kjem frå Paul Collier, den særs framståande britiske økonomen som førre veke heldt eit frukostseminar i Oslo i regi av Civita. Der ville ikkje Collier ha på seg at han røysta for brexit.

– Eg er mot brexit, men har stor forståing for mytteristane. Dei på «Bounty» gjorde opprør av di det vesle drikkevatnet som fanst om bord, vart nytta til å vatna brødfruktene som skulle heim til England. Eg hadde vore med på opprøret. Dei ville ha vatn. Men dei ville ikkje dit dei til slutt hamna, på ei lita øy midt i ingenmannsland. Og det er der britane no kan enda, heilt åleine på ei isolert øy.

Kapitalismeframtida

I snart eit halvt år no har Collier turnert med boka The Future of Capitalism, som vart meld her i avisa i fjor haust. Collier meiner at kapitalismen er inne i den tredje store krisa. Den fyrste kom med industrialiseringa av Nord-England, då byane voks for fort og kaotisk og det braut ut sjukdomar, svolt og massedød. Denne krisa var det dels rike eigarar som rydda opp i ved å byrja med byplanlegging og ordna husvære, dels var det arbeidarane sjølve som organiserte seg i samvirke som mellom anna hindra andre forretningsmenn i å taka superprofitt av arbeidarane.

Den andre krisa var sjølvsagt 1930-åra, og den ordna ein opp i gjennom å forlata gullstandarden og driva motkonjunkturpolitikk. Den tredje byrja for 40 år sidan med Milton Friedman og co., som sa at verksemder skulle søkja maksimal profitt, noko som førte til at verksemdene ikkje lenger var solidariske med storsamfunnet. På den andre sida fekk vi eit stadig meir rigid sosialdemokrati som trudde det kunne mikrostyra vanlege folk frå toppen, noko som har gjort vestlege samfunn altfor stive og sentralstyrte.

Boka byrjar med eit bilete av Collier og eit syskenbarn. Collier og jenta på biletet er fire år, og dei vart fødde på same dagen. Collier har så mykje utdanning «at det sprutar ut av øyro mine». Jenta gjekk det derimot dårleg med. I høg alder adopterte Collier og kona to av barneborna til jenta på biletet. Barnevernet tok tvillingane frå slektningen til Collier.

– Mora fekk melding tre månader før fødselen om kva som skulle henda. Kan du tenkja deg kva det gjorde med fostera i mors liv? Vi veit det no, frå forsking mellom anna på kva som skjedde med foster etter terroråtaket 11. september 2001 i New York. Dei vert permanent skadde når mora er sterkt stressa.

Den aller viktigaste eininga for Collier er familien. Det bør helst vera den biologiske, men om ikkje det går, bør born verta adopterte inn i familiar og aldri hamna på institusjon eller verta sende rundt til ulike fosterfamiliar.

– Kona og eg fekk utnytta eit smotthol i lovverket slik at vi fekk adoptera. Det året vi adopterte borna, var det 60 adopsjonar via barnevernet i Storbritannia. Det same året tok styresmaktene 70.000 born bort frå familiar. Det er galskap, det som går føre seg. Born utan familie vert skadde for livet.

Glasgow

Utgangspunktet for boka er Colliers eigen heimby, som i si tid vart stålhovudstaden i verda, men som sidan 1970-åra har hamna i ei fattigdomsfelle og no står utan eit særleg fungerande næringsliv. Men det er ikkje Sheffield som er verst råka av globalisering og produktivitetsfall, det er Glasgow i Skottland. Der er faktisk den gjennomsnittlege levealderen på nett 70 år, tre månader lægre enn han var på Gazastripa før Hamas tok over. I den hardast råka bydelen, Colton, er gjennomsnittleg levealder 54 år. Når eg set meg ned med Collier, byrjar eg difor i Colton. Dei som vil ha meir statistikk over kor dårleg det står til i store delar av Storbritannia, USA og mykje av Europa, kan lesa Colliers bok.

– Glasgow og Colton var ein gong sjølve ryggrada i den britiske sjømakta og for verdas handelsruter?

– Ja, så utruleg det enn kan høyrast ut. Ein gong produserte Glasgow og Colton nesten 60 prosent av tonnasjen i verda. No er all industri å snakka om borte.

– Kva skjedde?

– Storbritannia, sett vekk frå Stor-London, har vorte heilt tilstivna. Nesten all politisk og finansiell makt er samla i London. Tragedien er ikkje at skipsindustrien forsvann, det var noko som måtte koma, men at produktiviteten og omstillingsevna forsvann. Særleg uheldig er sentraliseringa som har skjedd i finansmarknaden. Ja, kapital skal i utgangspunktet flyta til lønsame prosjekt, og i Glasgow finst det billig arbeidskraft og billig eigedom. Men kapitalen flyt ikkje dit, og grunnen til at han ikkje flyt dit, er at London styrer alle låne- og finansieringsprosjekt.

Taus kunnskap

– Finansiering handlar mykje om taus kunnskap, det at ein berre veit noko som er viktig, utan at det er heilt formulert, seier Collier.

Men London har ingen taus eller konkret kunnskap om Glasgow. Difor får ikkje Glasgow nytt næringsliv. Denne sentraliseringa har faktisk vore dårleg marknadstenking og dårleg kapitalisme. Bankane går kvar dag glipp av særs gode prosjekt av di dei ikkje er til stades der nytt næringsliv kunne ha vorte danna.

Skal ein by og eit næringsliv fungera, treng næringslivet tre ting, ifylgje Collier: lokal politisk makt, frie bankar og ei rett utdanna gruppe å rekruttera arbeidarar frå.

– Tilfeldigvis har vi ein slik stad i Skottland, den einaste staden utanfor London som har både politisk makt, eit fungerande bankvesen og ein godt utdanna arbeidsstyrke. Det er Edinburgh. Kvifor? Den skotske sjølvstenderørsla har tvinga London til å overføra politisk makt til deira eigen hovudstad. I tillegg har Skottland ein eigen lovtradisjon som ikkje er lik den i England, denne kompetansen treng finansvesenet, dimed har bankane vorte verande i Edinburgh og finansierer gode prosjekt der. For det tredje har byen nokre gode vidaregåande skular med yrkesfagleg innretting, i tillegg til to gode universitet som ikkje held for mykje på med nymotens tullefag, men i staden forskar på ting næringslivet treng for å halda seg i front av utviklinga. Dessutan utdannar dei gode studentar og dimed kompetent arbeidskraft. Desse tre avgjerande tinga manglar resten av Storbritannia sett vekk frå Stor-London.

Europas IT-hovudstad

For ti år sidan gjekk næringslivet, politikarane, finansnæringa og universiteta saman for å diskutera kva dei i fellesskap kunne gjera for å betra konkurransekrafta til Edinburgh.

– Dei såg seg rundt og kom til at dei ville satsa på ei vekstnæring. Og kva var den store vekstnæringa? Informasjonsteknologi, IT. I dag er byen det største senteret for IT i heile Europa.

– Det høyrest ut som politikarar som skal plukka vinnarar, og det viser soga sjeldan går bra?

– Men dette var ikkje politikarar som plukka vinnarar gjennom subsidiar. Dette var partnarar som utanom marknaden sette i gang med koordinering for å hjelpa marknadsaktørane. Det er dette som må skje rundt omkring. Vi må overføra politisk makt til lokale aktørar med taus kunnskap, vi treng eit velfungerande utdanningssystem og lokale bankar med lokal kunnskap der bankdirektørane kan løyva finansiering utan å måtta bøya seg for London eller ein annan hovudstad. Det største området i Europa, ja, i Vesten, som har fått til dette gjennom ein slik modell, er Vest-Tyskland. Der er politisk makt spreidd tynt utover. Ja, det er nokre urovekkjande teikn på sentralisering av politisk makt i Vest-Tyskland òg, men akkurat no orkar eg ikkje å snakka om Angela Merkel. (Frå dei andre bøkene til Collier veit vi at han ikkje er tilhengjar av høg innvandring og dyr energi, red. merk.)

Velferdsfelle

Men det finst ein annan teori om kvifor Nord-England og store delar av Skottland har hamna i dette elendet, og det er velferdsstaten. Den fyrste byen som vart sosialistisk, var Glasgow, der det etter kvart kom husleigeregulering, offentlege husprosjekt, stadig høgre lønskrav og stadig meir velferd. I den legendariske boka si om nyare engelsk historie skreiv A.J.P. Taylor at særleg det å gå av gullstandarden og dei påfylgjande ekspansive velferdsbudsjetta gjorde at britane i stor grad slutta å flytta på seg, og dimed gjekk ein heilt naudsynt fleksibilitet i arbeidsmarknaden tapt. Altfor mange var sitjande fast i billige hus og ei velferdsfelle.

– Det er ein del rett i den påstanden, og særleg under Gordon Brown vart denne tendensen forsterka. Venstresida har lenge og i stigande grad vorte utilitaristisk, dei ser på menneske som konsumentar og nyttemaksimerande dyr. Om vi overfører pengar, vil resten fylgja av seg sjølv – konsum skal ordna alt. Men det er ikkje konsum som skaper lukkelege og heile menneske, det er produktivitet som gjev meining. Og det topptunge britiske velferdssystemet som deler ut pengar via London, og som manglar lokal taus kunnskap, produserer misere og åleinemødrer og oppløyste familiar.

Paul Collier vil altså flytta politisk makt frå hovudstadane, ha autonome lokale bankar, mykje betre lokal utdanning og eit velferdssystem som er fleksibelt og gjerne styrt av lokale og ideelle organisasjonar. Korleis vil han finansiera alt dette? Gjennom å skattleggja hovudstadane mykje hardare.

– Dei som tener godt i hovudstaden, trur dei tener godt av di dei er så flinke. Det er stort sett feil. Dei tener godt av di resten av nasjonen har bygd opp hovudstaden og gjeve menneska der høve til å spesialisera seg. Og med spesialisering kjem høgare produktivitet og høgare løn. Då går skatteevna opp. Hovudstadane bør betala mykje meir, næringsliv i distrikta mykje mindre. Men om forfattaren Karl Ove Knausgård flyttar til Finnmark, kan han få behalda det meste av det han tener.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

– Dei som tener godt i hovudstaden, trur dei tener godt av di dei er så flinke. Det er stort sett feil.

Paul Collier, professor
ved University of Oxford

Emneknaggar

Fleire artiklar

I framgrunnen står skulpturen «Le Combattant» (1961) av Sonja Ferlov Mancoba, bronse.

KunstMeldingar

Tungvektar med oppsikts­vekkande manglar

Kunstsilo trona mot blå himmel i Kristiansand på opningsdagen, laurdag 11. mai 2024. Vegen frå idé til ferdig museum har vore lang og prega av konfliktar. Det står att å sjå kva Kunstsilo kan bety for fastbuande og tilreisande. Tangen-samlinga er kanskje verdas største samling av nordisk kunst frå 1900-talet, men er ho representativ for perioden, og er det så nøye?

Mona Louise Dysvik Mørk

Teikning: May Linn Clement

Ordskifte
Halvor Tjønn

Å forveksla aggressor med forsvarar

«Etter at Putin kom til makta hausten 1999, har Russland ført ei heil rad med krigar.»

Den nyfødde kalven.

Den nyfødde kalven.

Foto: Hilde Lussand Selheim

Samfunn
Svein Gjerdåker

Ei ny Ameline er fødd

Vårsøg – også kalla Tripso sidan ho var så skvetten som ung, spissa øyro for ingenting og trippa med beina inn og ut av fjøset – fekk ein ny kalv natt til 13. mai.

Emma (Fanny L. Bornedal) arbeider som nattevakt ved rettsmedisinsk institutt, der foreldra i si tid vart utsette for drapsforsøk.

Foto: Another World Entertainment

FilmMeldingar
Brit Aksnes

Skrekkeleg skuffande

Likte du Nattevakten, kjem du ikkje til å elska Nattevakten: Demoner går i arv, dersom det var det du håpte på.

Brystkreft er den vanlegaste kreftforma blant norske kvinner. Biletet er frå Rosa sløyfe-aksjonen mot brystkreft, arrangert av Den norske Kreftforeningen.

Foto: Stian Lysberg Solum / NTB

HelseSamfunn

Kven bør få tilbod om mammografi?

Norske kvinner får eit heilt anna råd enn svenske
og amerikanske.

Christiane Jordheim Larsen

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis