JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Samfunn

– Få falske positive

Noreg har treft godt med tiltak mot covid-19, seier Folkehelseinstituttet.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
FHI har ei von om at tiltaka mot covid-19 kan lettast på til sumaren.

Foto: Yves Herman / Reuters / NTB

5575
20201030

Samtalen

Joakim Øverbø

Lækjar ved Folkehelseinstituttet (FHI)

Aktuell

Tiltaka mot covid-19 held fram

5575
20201030

Samtalen

Joakim Øverbø

Lækjar ved Folkehelseinstituttet (FHI)

Aktuell

Tiltaka mot covid-19 held fram

jon@dagogtid.no

Tiltaka mot covid-19 held fram, og stadig fleire vert testa. Kvifor? Joakim Øverbø er lækjar ved Folkehelseinstituttet (FHI)

– Svært mange vert testa i Noreg. Ynskjer FHI at vi skal ha ei så omfemnande testing?

­– Vi seier at vi ynskjer at personar med symptom skal testa seg, og det er stort sett slike som vert testa.

– Det er vel ikkje heilt rett. Dotter mi er testa og sit i karantene av di ein medelev vart smitta.

– Ja, det er rett at den gruppa òg er stor. Desse testane meiner vi også er rette. Om ein testar personar som har vore i situasjonar som har gjeve auka risiko for smitte, kan vi få meir effektiv smittesporing og stogga spreiing av covid-19. Slik testing støttar vi også.

– Grunnen til at eg spør, er at FHI tidlegare var skeptisk til massiv testing, og de snakka om faren for falske positive. Men no testar vi altså mange som ikkje har viruset. Veit vi at påvist smitte er reell smitte?

– Dei aller, aller fleste som testar positivt, er smitta. Vi laga ei oversikt for nokre veker sidan der vi testa spesifiteten på PCR-en, den testen vi nyttar. 99,99 av dei som får påvist smitte, er smitta. Det finst altså knapt falske positive.

– Dette var heilt uventa for meg. Kvar kjem då alt snakket om falske positive frå?

– Det var nokre opplag før sumaren. Også vi i FHI var usikre. Jau, det er ein risiko for ein del falske positive utslag om ein testar mange utan symptom og utan risiko. Og ja, det har også vore ein del feiltolking av data. Ein har trudd at det var mange falske positive. Men det er altså ikkje rett.

– Men har de i FHI vore flinke nok til å fortelja dette? Eg har fleire oppegåande vener på Facebook som dagleg fortel at det er mange falske positive der ute. Eg har sjølv trutt det.

– Vi har prøvd å få det fram, vi har mellom anna gjeve intervju i NRK om at testen er svært god. Men jau, vi kunne no ha vore endå tydelegare. Noko av forvirringa kjem nok også av at ein del som ikkje er smittsame lenger, har fått positive utslag. Mange har vore smitta for så lenge sidan at dei ikkje utgjer ein fare for andre. Dimed kan ein seia at ein del som er friske, likevel har fått positive utslag.

– Kor lenge etter smitte sluttar testen til vanleg å slå ut?

– I gjennomsnitt er det 16 til 17 dagar. Men i nokre tilfelle er det registrert utslag opp til to månader etter smitte.

– Så det kan vera difor Ronaldo framleis ikkje får spela fotball?

– Ja, han er truleg eit døme på det. Ronaldo er nok frisk og ikkje smittefarleg.

– Men er positive testar den beste styringsreiskapen vi har? Eg ser at ein god del lækjarar seier at det viktige talet er kor mange som er innlagde på sjukehus.

– Problemet med aukande tal på innlagde, er at det er ein sein indikator. Går talet på innlagde opp, tyder det at det allereie er svært mange positive der ute. Eg seier ikkje at innlagde er ein dårleg indikator. Talet på innlagde fortel oss noko om kor alvorleg stoda er. Men for å styra tiltaksnivået er det betre med testing, for då kan ein setja inn tiltak tidleg, tiltak som ikkje er så strenge, som vi ville måtte gjennomføra om mange vert innlagde. Vi ser no at smitta gjerne fyrst spreier seg mellom unge, og så, etter nokre veker, får eldre sjukdomen. Så går det nokre veker til før folk vert innlagde, og igjen nokre veker før dødstala går opp. Difor er testing fornuftig.

– Men det er ingen tvil om at letaliteten ser ut til å vera lægre enn vi trudde i vår. Færre som har sjukdomen, vert innlagde, og av dei innlagde døyr færre?

– Ja. Dette at vi testar langt fleire, har gjeve oss eit meir reelt bilete av kor dødeleg sjukdomen er. I tillegg har behandlinga vorte betre. I mars visste vi ingenting om kva som fungerte og kva som ikkje fungerte. Nedgangen i forventa letalitet er altså ein kombinasjon av auka testing og betre behandling.

– Den store angsten i mars var mangel på respiratorar. Men no har vi hamna i ein situasjon der sjukehusa helst ikkje vil nytta respirator. Kva har skjedd?

– Det er ikkje slik at vi ikkje vil ha respiratorar. Dei må vi ha, om det er trong for dei. Men jau, no er det slik at vi aksepterer eit lægre oksygennivå i blodet enn vi gjorde i vår. Lækjarane tillèt seg å venta med respirator, for dei ser at det kan ha ein heldig effekt. Men vert oksygennivået lågt nok utan at pasienten vert lagd i respirator, døyr pasienten. Men respirator er skadeleg, difor bruker vi det ikkje utan at vi må.

– Men når skal dette taka slutt? Kan eg taka med meg ungane mine til Italia til sumaren, sidan vi ikkje fekk fara i år?

– Vi tilrår ikkje folk å tinga ferie enno. Alt er veldig avhengig av når vaksinar er klare. Vi reknar med at det kjem ein vaksine. Men diverre har vi enno ikkje data på vaksinestudiar. Vi trur rett nok at den fyrste vert godkjend utpå nyåret. Men så skal vaksinen produserast og sendast ut… Kanskje kan vi letta på tiltak til sumaren. Det er vanskeleg å gje gode svar.

– Det er de lækjarar som styrer dette. Har ikkje de ein for stor aversjon mot risiko?

– No skal du hugsa at det ikkje er klinikarar og sjukehusa som styrer tiltaka. Det er lækjarar som arbeider med folkehelse, som gjev råda, og vi prøver å taka omsyn til det meste, økonomi og så vidare. Eg trur ikkje at vi har hatt for stor risikovegring her til lands. Eg meiner vi har treft betre med tiltaka enn dei fleste andre landa i verda.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

– Kanskje kan vi letta på tiltak til sumaren. Det er vanskeleg å gje gode svar.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Gravfølgjet for Mohammad Mahdi Ammar og Abbas Fadel Yassin, båe drepne av eksploderande personsøkjarar i Beirut. Ammar er son til ein framståande medlem av Hizbollah-rørsla.

Foto: Mohamed Azakir / Reuters / NTB

KommentarSidene 2-3

Krig med personsøkjarar i folkerettsleg gråsone

Kvelden før personsøkjaråtaket endra Israels krigskabinett målsetjingane med krigen i nord. Ei eskalering låg derfor i kjømda.

Cecilie Hellestveit

Laila Goody, Maria Ómarsdóttir Austgulen, Trond Espen Seim og John Emil Jørgenrud i nachspielet frå helvete som stykket til Edward Albee blir kalla.

Foto: Erika Hebbert

TeaterMeldingar
Jan H. Landro

Sterkt om livsløgn og overleving

Gode skodespelar­prestasjonar i intens kamp på liv og død.

Den nye statsministeren i Frankrike, Michel Barnier, blir klappa inn av den utgåande, Gabriel Attal, i ein seremoni på Hôtel Matignon i Paris 5. september.

Foto: Stephane De Sakutin / Reuters / NTB

KommentarSamfunn
Bjørn Kvalsvik Nicolaysen

Ny statsminister med gjeld, utan budsjett

No lyt alt skje raskt i fransk politikk for å avverje nye kriser.

Justis- og beredskapsminister Emilie Enger Mehl på veg til pressetreffet om motarbeiding av kriminalitet. Også statsminister Jonas Gahr Støre og finansminister Trygve Slagsvold Vedum deltok.

Foto: Thomas Fure / NTB

Samfunn
Sofie May Rånes

– No ser me effekten av færre politifolk

Det er mykje regjeringa kunne gjort som dei ikkje har gjort. Me er ikkje imponerte, seier Helge André Njåstad (FrP).

Då nordmennene kom til Færøyane, eller Fårøyane, rundt 800 var «hagane fulle av sau, som irane hadde ale upp, bergi tekte med fugl, nøgdi med rekved til husbyggjing, fisk og kval utanfor døri og vetrar so milde at sau og hest levde ute», skreiv landsfaderen Jóannes Patursson i boka Frå Færøyane i 1925.  I dag er det om lag 70.000 sauer som går fritt ikring, også rundt Tórshavn.

Alle foto: Hallgeir Opedal

ReportasjeFeature

Nytt frå vestfronten

Ute i Atlanterhavet ligg Færøyane som ein front mot lågtrykk, vestavêr og liberale haldningar.

Hallgeir Opedal

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis