– Det vert for dårleg
– Når norske filmskaparar seier dei fortel sanninga, har dei samstundes sagt frå seg den kunstariske fridomen dei meiner dei har rett til å nytta, meiner Ivo de Figueiredo.
Sofia Herlin som kronprinsesse Märtha og Tobias Santelmann som kronprins Olav i Atlantic Crossing.
Foto: Morten Wien Solberg / Cinenord / NRK
For nokre år sidan kom det ein norsk spelefilm om birkebeinarane. Ein av skodespelarane vart send på Skavlan for å promotera filmen. Han kunne fortelja, utan å verta arrestert, at filmen handla om at den protestantiske arveprinsen måtte bergast frå katolikkane. Men vi nordmenn er ikkje åleine om å gjera vald på historia gjennom film og seriar. No for tida ser mange på den siste sesongen av The Crown. Der er det faktisk meir som er feil enn som rett, skal vi tru britiske historikarar, og det skal vi. Her heime går ordskiftet om serien om kronprinsesse Märtha og Roosevelt, The Atlantic Crossing. Serien vert seld inn som historisk sanning, men det er serien ikkje, for å seia det mildt, skal vi tru ein del faghistorikarar.
Ivo de Figueiredo er ein norsk historikar som har skrive ei rekkje biografiar.
– Kan ikkje dramatisering av historia vera særs god pedagogikk, og ungdomen treng då å læra meir historie?
– Det kan sjølvsagt filmar og seriar vera, dei kan attpåtil vera stor kunst. Filmhistoria er full av slike døme. Gudfaren syner korleis USA vart til, sett frå ståstaden til ein italiensk mafiafamilie. Vi har Babylon Berlin, som på strålande vis fortel om modernitetskrisa i Weimarrepublikken, og vi har Orlando, ein fantastiske kjønnsodyssé gjennom historia. Felles for dei alle er at filmskaparane lagar eit solid fiksjonsplott innanfor historiske råmer, der verkelege personar vert delvis maskerte, og filmskaparane navigerer sjåarane gjennom både den verkelege historia og fiksjonen. Alt utan å fornærma intelligensen til sjåarane.
– Å nytta historia til drama er ikkje noko nytt. Det held å seia Shakespeare. Må vi ikkje berre leva med at historia vert dramatisert litt feil?
– Dess lenger attende vi går, dess friare står ein, sjølvsagt. Men det moderne handlar om skiljet mellom tru og kunnskap. Det som kom så klart fram med Darwin. Ja, vi treng historier, forteljingar og mytar. Men vi må òg rette oss etter røyndomen. Og jau, vi kan kombinera historie og drama, eg seier ikkje noko anna.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.