– Biden må ikkje ta sigeren for gjeven

Yale-professor David Mayhew trekkjer liner i amerikansk valhistorie og minner om kandidatar som låg dårleg an i august, men som opplevde ein kraftig medvind fram mot november – og vann.

Presidentkandidat for Det demokratiske partiet, Joe Biden, på eit valkampmøte i Wilmington i juli.
Presidentkandidat for Det demokratiske partiet, Joe Biden, på eit valkampmøte i Wilmington i juli.
Publisert

– Professor Mayhew, du har studert amerikansk politikk eit heilt akademisk liv. Kva trur du no, tre månader før valet? I 2016 synte valundersøkingane ein klår siger for Hillary på dette tidspunktet. Vil det same hende no, at kandidaten med favorittstempelet likevel ikkje vinn?

– Biden er den mest sannsynlege vinnaren. Han har eit så klart forsprang i junimålingane at det til vanleg brukar borge for siger i november. Men demokratane bør ikkje tinge nye gardiner i Det ovale kontoret enno. Tidlegare har kandidatar opplevd ei kraftig mobilisering seint i valsesongen – Truman i 1948, Humphrey i 1968 (enda han ikkje vann), Reagan i 1980, Bush sr. i 1988 og Trump i 2016.

– Så det kan gå mot ei gjentaking av Hillarys lagnad for Biden?

– Ja, det kan hende igjen. Men hugs at målingane i 2016 kan ha gjeve oss eit falsk svar; dei var ikkje gode nok. Til dømes kunne det ha vore eit skjult Trump-reservoar i veljarskaren som målingane ikkje fanga opp. Målingane var ikkje klåre nok på utdanning som viktig faktor for å fastslå partisympati. Det mistaket vil ikkje bli gjenteke.

Mayhew peikar òg på dei konkrete hendingane som spela inn like før valet. Særleg var rapporten frå FBI-sjefen James Comey, om e-posten til Hillary Clinton og replikken hennar om «the deplorables», dei elendige, dei uvitande og uutdana, utslagsgjevande. Dessutan fekk ikkje målingane med seg den særs kraftfulle, men seine mobiliseringa for Trump.

­– Men gløym ikkje at målingane likevel ikkje var så dårlege. Hillary vann trass alt eit fleirtal av veljarane, men dei fordelte seg på «feil» stader, kan ein seia. Dei fleste av oss «ekspertar» var medvitslaust fokuserte på «trygge delstatar» og såg ikkje kor tett det var i dei blå delstatane (det vil seie dei demokratiske). Med andre ord, kor lite som skulle til for å endre utfallet. Vi tala om «den blå veggen» (nemning på demokratiske statar, red. merk.), som skulle stogge Trump, men den barrieren synte seg å vere full av hòl. Og ja, Clinton-kampanjen skulle ha drive kampanjen betre i Wisconsin, som Bill Clinton foreslo. Men vi må ta eit steg attende: Mange presidentvalkampar er «toss-ups» (kron og mynt-avgjerder, red. merk.) der det tilfeldige, eller det i nærleiken av det tilfeldige, slår ut, same kva kampanjen dreier seg om.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement