Reportasje

Stan Morgan kokar bjørn

På langt hald ser Ruby Morgan at døra til hytta er knust. Gjerningsmannen ligg på dørstokken. Ein grizzlybjørn. Daud.

Endeleg, i det sjuande året på tundraen, fekk «Sjustjerna» gull for strevet. Frå venstre, framfor vassrenna: Johan Sæther, skjerpeigar dr. Surl med frue, Erik Øien og Gunder Sæther. Bak: Haakon Sæther, Peder Sæther, Erik Smestad og Anders Sæther (lener seg mot vassrenna).
Publisert Sist oppdatert

Ektemannen Stan fortel om gårsdagens drama som om slikt høyrer kvardagen til i Nome, og det er ikkje altfor langt frå sanninga. Her labbar grizzlyen rundt på toppen av ein solid næringspyramide, halden oppe av mange millionar rotnande laks og milliardar av proteinfylte rognkorn.

Ruby er ute og plukkar bær igjen. Daud bjørn i hytta i går, molter i spannet i dag. Stan held seg til huslege syslar. Han driv og kokar eitt eller anna i ein diger kjele utanfor huset.

– Er det vinterforsyninga?

Stan nikkar mot kjelen. Eg lettar på lokket, og blir møtt av eit breitt grizzlyglis.

– Eg samlar på bjørneskallar, seier Stan.

Han peikar inn i garasjen. Der ligg ei lang rekkje store skallar. Den eine er kjempestor.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement