Sport
Skeiser og sveinebrev
Knut «Kupper’n» Johannesen fekk både olympiske medaljar og sveinebrev med karakteren «Meget godt».
Vestveggen i stova til Knut Johannesen er full av pokalar og medaljar: åtte kongepokalar; to gull, to sylv og ein bronse i OL; to verdsmeisterskapar og ein sylvmedalje i allround; to gull, to sylv og ein bronse i europameisterskapen i allround. Ikkje rart at han i 1964 vart kåra til Noregs største idrettsutøvar gjennom tidene.
– Eg var heldig som juniorløpar. Eg trefte på teknikken og fekk raskt rette rytmen i meg og rett tyngdeoverføring, fortel Knut Johannesen om kvifor karrieren hans gjekk så godt.
Kona Ingvild og eg er på besøk. Det er dekt på med fat, koppar og serviettar. Vi har med kaffi og bollar.
Etter den store suksessen til Ragne Wiklund og Sander Eitrem i OL har vi fått koma heim til Knut Johannesen for å snakka om skeiser og skeisekarrieren hans. Stunda gjekk fort. Vi var der i tre timar, inkludert «Norge i rødt, hvitt og blått» av Ingvild på pianoet til Knut. Han gjekk sjølv i pianolære som ung.
Knut bur i Ulsrudvegen i Oslo, rett opp frå Østensjøvannet. Der ligg huset flott til med kort veg inn i Østmarka og Nøklevann. Tomta fekk han gjennom slekta. Med god hjelp frå familien og vener bygde han huset sjølv. Kona Anne-Lise og han flytta inn i 1960. No bur han åleine, etter at ho døydde for seks år sidan.
Knut Johannesen er utdanna tømrar.
– Far ville at eg skulle verta elektrikar. Men morfar arbeidde på Osterhausgaten Høvleri og var litt snikkar innimellom. Så han inspirerte meg til å verta tømrar, fortel Knut.
Prøvearbeidet til sveinebrevet var ei teikning av eit takverk og utføringa av ei sperre med tilhøyrande skifte. Han fekk karakteren «Meget godt». Det same fekk han i verktøyføring, i handlag og i eksaminasjonen om faglege spørsmål.
Han hadde godtgjort at han hadde den naudsynte kunnskapen og fagdugleiken og vart i 1958 erklært svein og tildelt sveinebrev. Handverksbrevet fekk han av Oslo byfogdembete i 1971.
Men det var bensinforhandlar som vart yrket hans etter at han la opp. I 1965 starta han ein BP-stasjon på Bøler i Oslo saman med ein ven. Kampen Janitsjar spelte på opninga. Då hadde han avslutta karrieren året før med å verta verdsmeister i Helsingfors.
Knut Johannesen voks opp på Kampen i Oslo, i Hertug Skules gate, ikkje langt frå Tøyen skule og det gamle Munchmuseet. Han er ekte Oslo-gut. Mora frå Vålerenga, faren frå Torshov. Faren var sjåfør for Fellesmeieriet og hadde ruta frå Majorstua og opp og inn i Maridalen. Mora var husmor.
– At mor mi var heime, var viktig for meg. Ho var god til å sy og laga mat og middag til meg før eg skulle ut og trena.
– Eg stod opp klokka seks om morgonen og tok bussen frå Gamlebyen til Lambertseter, der eg var lærling og arbeidde på ei av blokkene som skulle bli den fyrste drabantbyen i landet.
Ein må ikkje ta til å gå løpet kvelden før.
Han var ferdig på arbeid klokka 16.
– Så var det buss tilbake til Gamlebyen, før eg jogga heim, der mor hadde middagen klar. Deretter var det rett på trening i to–tre timar.
Om vinteren trena han på Jordal, sommaren på Ekeberg.
– Eg sykla opp på Ekeberg og var varm i trøya då eg kom fram. Eg hadde god treningsdisiplin i heile karrieren og vart aldri overtrena.
Harry Haraldsen var fyrste trenaren. Det var ei lukke for Knut. «Tid til å trene, råd til å hvile» var mantraet til Haraldsen. Han var fødd i 1911 og hadde vore ein av dei fremste skeiseløparane våre. Nummer tre i NM i 1936 og nummer to i EM i 1938. Så kom krigen og øydela karrieren.
Han var med på å få i stand idrettsboikotten frå 1941 og ut krigen. Boikotten hindra nazistane i å gjera idretten til ein del av nazipropagandaen. No på 1950-talet var han trenar for ASK, Arbeidernes Skøyteklubb, klubben til Knut.
Han skriv om fyrste møtet med Haraldsen i boka Frå Kampen til Squaw Valley: «Jeg skal forsøke å gjøre skøyteløpere av dere. Det blir kanskje ikke så lett, men vær klar over én ting: Det står og faller på dere selv. Hvis dere ikke selv legger godviljen til, nytter det ikke. Derfor må vi arbeide på lang sikt. Vi må begynne i det små og gradvis, steg for steg, komme oss videre framover.»
Knut gledde seg til neste trening alt frå fyrste kveld.
– Korleis trena de?
– Det var alt frå spensttrening til teknikk- og kondisjonstrening. Kvar sundag frå klokka 09.00 til 13.00 var det trening i skogen i Østmarka. Vi sprang i terrenget utanfor stiane. Det styrkte koordinasjonen, og det var rein massasje for musklane. Vi sykla òg ein del, til Stryken, som ligg på veg til Hadeland, nesten ti mil fram og tilbake. Eg kjøpte meg til slutt racersykkel, men eg likte best og hadde mest tru på å springa i skogen.
For å styrkja lår- og ryggmusklane slik at dei tolte den krevjande skøytestillinga, vart «dal’n» legendarisk.
– Treningsøkta vi kalla dal’n, hjelpte meg på slutten av 10.000-meteren. Vi gjekk i skøytestilling, eller «låggang», frå Gamlebyen til toppen av Ekebergåsen. Det gjaldt å ikkje springa, men passa på rett skyv og rett tyngdeoverføring. Vi måtte kjenna at vi hadde trykket inne, og at vi plasserte foten slik at låret og leggen hadde rett vinkel. Ti minutt tok kvar av øktene.
Hausten før OL i Squaw Valley tok han dal’n fire gonger kvar økt. I tillegg tok dei «dreper’n». Den økta gjekk frå restauranten ved Ekebergåsen til åstoppen.
– Kvar fredag var det vekttrening. Eg har forresten den same vektstonga enno.
Knut var best på 5000 og 10.000 meter, som Hjalmar «Hjallis» Andersen, Fred Anton Maier, Sten Stensen, Johann Olav Koss og mange andre av dei store allroundløparane.
– Eg var grei på 1500 meter, men ei sinke på 500. Eg skulle ha trena meir på å vera hurtig, på start og akselerasjon. Men det var ikkje like morosamt å trena på det eg ikkje kunne så godt. Og eg var ingen sprintar frå naturens side.
Då han gjekk løp, var han fullt skjerpa.
– Hjallis sa han tenkte på kona Gerd i svingane. Eg, derimot, måtte konsentrera meg fullt og heilt for å treffa med skuven og ikkje mista rytmen og takten, slik at eg fekk den rette inngangen på svingane. Og på langsidene gjaldt det å ha lang arbeidsveg og dra skyva heilt ut.
Alt dette stemde under OL i Squaw Valley i USA 27. februar 1960. Den vesle byen med under 1000 innbyggjarar ligg 2000 meter over havet i Sierra Nevada, nordaust i California. 30 løparar frå 15 nasjonar var klare til 10.000-meteren den dagen. Knut skulle ut i fjerde par klokka 09.00 lokal tid. Klokka 18.00 norsk tid.
«Klokka halv seks stod jeg opp», skriv Knut i Frå Kampen til Squaw Valley. Han hadde sove godt. «Ein må ikkje ta til å gå løpet kvelden før», som han sa til oss.
Han varma opp ved å springa to gonger opp trappene til toppen av stillaset i OL-hoppbakken. Så tok han ein halvtimes blund på hotellet før han gjekk til stadion. Der gjekk han 15–20 rolege rundar i god tid før start.
Svensken Kjell Bäckman hadde gått i andre par på 16.14,12 og sette ny verdsrekord. Målet til Knut var no å gå jamt 38-rundar. Han hadde sikra seg med ein ekstra sekundant som skulle ropa rundetidene til han. Det var vindstille, og sola hadde nettopp kome på stadion. Knut var klar.
På den digitale bokhylla til Nasjonalbiblioteket gjenopplever eg direktesendinga til NRK-radio med Oddvar Foss og Knut Bjørnsen som kommentatorar.
Foss: «Der kommer Knut til sin første passering – der! Bevare meg vel, han er helt oppe i en og førr der.»
Bjørnsen tek det roleg: «Ikke la oss forskrekke over det. Det hadde nemlig også Kjell Bäckman. Knut ligger i øyeblikket likt med verdensrekorden.»
Ved neste passering får Knut 1.18. Bjørnsen: «Det er 37 i rundetid og likt med Bäckman.» Foss legg til: «Altså ingen overilet åpning fra Knuts side. Det pleier han heller aldri å gjøre seg skyldig i.»
Sjette passering går på 3.49 og 38 i rundetid, 2 føre Bäckman.
Foss: «Det er vel ingen som går så elegant og smidig på en 10.000-meter som ham. Så avslappet i enhver fase av løpesettet. Når han er ferdig med frasparkbeinet, er det ingen stivhet, ingen anstrengelser, det henger der så fint og slakt og elegant. Og så setter han det helt inntil det andre og går skjærene helt ut med et utmerket sideskyv.»
Neste passering er på 5.05 og ein ny 38-runde, og no er Knut også 3 føre Bäckman.
Foss: «Det går jevnt og metodisk som det skal, håper vi. Bare ikke denne luften på denne banen som ligger så høyt, skal spille ham noen puss, og at han skal få vansker med pusten. Det hender stadig vekk at det blir sammenbrudd på slutten i konkurranser over lange distanser i langrenn og skøyter her oppe i Squaw Valley. Vi har hatt en rekke tragiske ting sånn. Jeg tenker på Stefansson, svensken, som brøt sammen.»
Neste runde passerer Kupper’n på 5.42. No er Bjørnsen optimistisk i røysta: «Det er 37 blank, det. 37 i rundetid og fem foran Bäckman. Han har 16 runder igjen.»
Foss roar det ned litt: «La oss endelig huske at det kommer folk etter dette som kan gå på skøyter.»
Knut passerer så 5000 meter på 7.54. Bjørnsen: «Om vi da skal ta til å antyde en sluttid, så kan vi fortelle at 38-runder jevnt, som Knut har til nå, vil gi en sluttid på 15.50. Men la oss for all del regne med at det kan falle av noe på slutten.»
Foss: «Han har et uttrykk i ansiktet som lover litt av hvert, det kan jeg love dere. Her er det ingen nøling, her skal det gåes, koste kva det koste vil.»
Bjørnsen: «Ny runde på 37 og 14 foran Bäckman.»
Foss: «Vi må nesten be om unnskyldning for alle barna hjemme for at vi nå forgriper oss på barnetimen, men dette er et stort øyeblikk for norsk skøytesport, får vi håpe.»
Bjørnsen: «Det var en ny runde på 38 og 19 foran, og fem runder igjen av milløpet.»
Foss: «Siste runden går for Knut Johannesen, som kommer til å sette ny verdensrekord og olympisk rekord under 16 minutter. Knut bruker begge armene og går inn i mål – der! Han er så utkjørt, allikevel så glad. Og så får han jubelen mot seg. Tiden er altså 15.46,6.»
– Det var eit perfekt løp, fortel Knut i dag.
– Men eg fekk to «varningar» av den svenske oppmannen Sven Loftman. Eg var borti snøkanten to gonger. Gutta ropte til meg om at eg måtte vera forsiktig. Eg skjøna at det var alvor. Hadde eg fått éin til, kunne eg ha vorte diskvalifisert.
I Squaw Valley, og ved radioen heime i Noreg, var folket vitne til det som skulle verta ei av dei største hendingane i norsk idrettshistorie. I Ulvik sat Olav H. Hauge og høyrde på. I dagboka skriv han: «Det var litt av ei uppleving å høyra Knut Johannesen gå 10.000 meter i dag. Slik skal det vera!»
Året etter kom diktsamlinga På ørnetuva, med diktet «Kupper’n skrid i Squaw Valley». Samlinga fekk kritikarprisen det året.
Lurer du forresten på kvifor han vart kalla Kupper’n? Det veit han ikkje sjølv heller. Det berre vart slik.
Seinare i veka går eg innom Bislett. Der, utanfor stadion, står statuen av han, laga av Nina Nesje og inspirert av gulløpet i Squaw Valley. Alt stemmer. Nett slik skal han vera. Som han sa sjølv under avdukinga: «Det er jo meg, det.»