Reportasje

Gullgruve, skraphaug

Eit skilt frå historias skraphaug: No dogs or Natives allowed

«Sjustjerna» i Nome heilt på starten av 1900-talet. Fremst frå venstre: Gunder Sæther, Johan Sæther og Erik Smestad. Bak: Peder Sæther, Haakon Sæther, Anders Sæther og Erik Øien. Gunder, Peder og Anders var brør. Peder vart att i Nome i nesten 50 år etter at dei andre reiste heim.
Publisert Sist oppdatert

Alice Bioff har ei anna skrift på veggen. Souvenirs står det i smålåtne neonbokstavar, men det er ikkje eingong halve sanninga. Mor hennar opplevde arktisk apartheid. Alice har svara med å utvikle sitt eige klesmerkje, bygd på lokale tradisjonar.

– Mor mi var utestengt frå kino, barar og andre stader. Det er ikkje lenger sidan vi var segregerte. No er det nye tider. Times have changed. Vi feirar kulturen vår og tør å vera stolte over han.

Klesmerkjet heiter Naataq, som tyder ugle på inupiaq, språket til inupiat, som er den dominerande inuittgruppa her. Dessutan:

– Naataq er òg namnet til dottera mi, seier Alice Bioff.

Gründer og forretningskvinne Alice ser verksemda si som del av ein kulturkamp.

– No tør vi å rope ut at vi finst og har noko å lære bort. Vi vil vera levande, synlege, ikkje bli gøymde bort i ein utstillingsmonter. Eg er veldig opptatt av dette. Unge no er flytande i språket vårt og omfamnar tradisjonen. Dei vinn tilbake tapt terreng.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement