Kommentar

Khamenei – den godtruande tyrannen

Irans diktator Ali Khamenei trudde ikkje at israelarane ville starta ein krig om føremiddagen. Det blei banen hans.

Ein syrisk sjiamuslimsk mann les Koranen i Hermel, nordaust i Libanon. Bak han står portrett av Irans ayatolla Khomeini (t.v.) og ayatolla Ali Khamenei (t.h.).
Publisert

Datoen var laurdag 28. februar 2026. Klokka synte 09.40. Saman med ei rekkje av dei mektigaste personane i Iran var øvste leiar Ali Khamenei inne i ein bygning i Teheran. Plutseleg blei huset råka av israelske bomber.

Det var slutten for mannen som har styrt Iran heilt sidan 1989. Rett føre hadde israelske ekspertar klart å jamma telefonen hans. Om nokre av vaktene utanfor bygningen hadde sett at flya nærma seg og difor ville ringja til Khamenei, så hadde dei berre fått opptekesignal. I minutta før bombene fall, hadde israelarane isolert den iranske leiaren frå omverda.

Katastrofalt

Dette er det me no veit ganske sikkert om timane og minutta rett føre Ali Khamenei blei likvidert førre laurdag. Paradoksalt nok fall han som offer for sin eigen naivitet: Då dagsljoset kom om morgonen den 28. februar, kraup han fram frå skjulestaden sin.

Alle krigar byrjar om natta, må han ha trudd. Sidan israelarane og amerikanarane ikkje hadde starta nokon krig natta til den 28. februar, var han trygg då dagsljoset kom. At israelarane skulle klara å blenda telefonen hans slik at han ikkje blei varsla om åtaket i tide, det hadde han nok heller ikkje trudd. Resultatet var katastrofalt.

Vil bli hugsa

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement