Leiar
USAs sjansespel
Røyk i Teheran etter ein eksplosjon 5. mars.
Foto: Majid Asgaripour / WANA / Reuters / NTB
Kven vil ikkje verta kvitt mullaregimet i Iran? Regimet har vore ein katastrofe for folket og har finansiert terrororganisasjonar som Hamas og Hizbollah i årevis. Måtte krigen USA no har starta, vinna fram til beste for Irans framtid. Og vi skal ha respekt for at svært mange iranarar heime og ute er positive til at USA har gått til krig mot Iran-regimet.
Men risikoen USA har teke no, er stor. Det er eit sjansespel av dimensjonar. Røynsla vi har frå tidlegare amerikanske intervensjonar i Midtausten, gjev heller ikkje grunn til optimisme, sjølv om Iran er eit heilt anna land enn Irak, Afghanistan og Libya.
Dessutan gjev ikkje Trump-regjeringa tillit. Det er uklart kva som er målet med krigen. Dersom målet er eit regimeskifte, hjelper det ikkje å drepa leiarane og slå ut dei iranske angrepsvåpena. Leiarane klarer det iranske regimet å erstatta etter kvart som dei vert drepne. Og dei treng ikkje rakettar, dronar og marinen for å undertrykkja folket sitt.
Tala er usikre, men den iranske hæren, revolusjonsgarden og den frivillige Basij-militsen kan kanskje mobilisera meir enn ein og ein halv million mann. Og trass i den amerikanske bombinga vil dei ha nok av handvåpen til å drepa opprørarar med. Så skal opposisjonen og folket vinna fram, må dei ha meir hjelp utanfrå enn bombing frå lufta.
USA har no teke på seg ansvaret for lagnaden til Iran. Om delar av hæren deserterer og stør opposisjonen og det så bryt ut ein langvarig borgarkrig, må USA stilla opp med trening, etterretning og våpen på opprørarane si side. Likeins må dei ta ansvar for den flyktningstraumen som då vil koma. Ansvaret til USA er ikkje over etter nokre veker med bombing.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.