Reportasje
Dei nye fyrvaktarane
Lokalt engasjement og frivillig innsats gjer at fleire fyrstasjonar blir allment tilgjengelege. Men vedlikehaldsetterslepet er stort.
Fulehuk fyr vart sett i drift i 1821 som innseglingsfyr i Oslofjorden.
Foto Anne Sande
Kystverket
har ansvar for 115 fyrstasjonar, som dei forvaltar på vegner av staten. 91 av
desse er allment tilgjengelege, anten som besøksfyr eller med avtale om
omvising. Dei siste åra har fleire fyr blitt besøksfyr gjennom leigeavtaler mellom
Kystverket og lokale eldsjeler. Kystverket har i dag kring 80 slike utleigeavtalar med ulike lag og organisasjonar.
– Frivillig arbeid på
fyrstasjonar utgjer om lag 114 årsverk, som er 60–70 millionar kroner berre i
arbeidstid, fortel Henriette Marie Skjæveland, dagleg leiar i Norsk Fyrforening
(NFF).
NFF
er ein ideell, frivillig organisasjon for fyrinteresserte. Han har 107
medlemsfyr, og vi skal sjå nærare på nokre av dei.
Pådrivaren
Alt i 1948 vart Søndre Katland, som eit av dei første fyra, avbemanna på grunn av vanskelege bu- og landingsforhold.
Fyrlyset vart erstatta av ei automatisk fyrlykt.
Fyrstasjonen er ikkje freda, og
ifølge Skjæveland var det på eit tidspunkt planlagt å rive fyret. I 2000 fekk Foreningen Søndre Katland Fyr ein leigeavtale med Kystverket, og
dugnadsarbeidet starta. Innvendig er mykje oppussing gjort, men meir står att.
Utstyr og verktøy ligg framme, og tre fargerike kjeledressar heng klare til
neste dugnad.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.