Reportasje

Byen som kom inn frå kulda

I Kirkenes er det ei kjensle av at ting har gått i revers, og byen er blitt ein hovudarena for Russlands minnekrig.

Frigjeringsmonumentet på Haganes i Kirkenes er blitt eit brennpunkt i minnekrigen.
Publisert

Så går eg endå ein gong rundt i gatene i Kirkenes, denne gongen ikkje som ein rastlaus gut, men med ein rastlaus son på ni år ved sida av meg.

Da eg var på hans alder, selde eg aviser på gata i Kirkenes, både Finnmarken og Sør-Varanger Avis, etter å ha sykla seks kilometer frå Hesseng. Eg tente gode pengar kvar laurdag formiddag, og måtte nytte dei til å kjøpe ny sykkel, sidan eg sleit ut den gamle for å kome meg på jobb.

DEN GONGEN VAR DET alltid godt med folk i sentrumsgatene. Det er det ikkje denne laurdagen. Gatene er nesten tomme, mange butikkar gir eit inntrykk av å vere stengde, sjølv om dei eigentleg er opne. Det er låg e4nergi og ei vag, depressiv stemning, litt som om Kirkenes har mista meininga med livet og treng terapi.

I løpet av dagen møter eg eit par vener frå oppveksten, ein tilfeldig og ein etter avtale. Dei synest byen deira er blitt merkbart endra etter at grensa i praksis blei lukka. Utanfor sentrum har Biltema og Elkjøp alt pakka saman på grunn av tapet av omsetjing da russarane blei borte, og mange forretningar mista 70 prosent av omsetjinga. Før det igjen var det pandemien. Kanskje er det enno mange folk nede på kjøpesenteret Arena, der busstasjonen låg før. Det har vi ikkje tenkt å finne ut av.

Mange av bygningane som stod i min barndom, er rivne, og nye konturlause hus er sette opp i staden, om det ikkje berre er eit tomrom som blir brukt til parkering. Byen som reiste seg etter krigen – da Kirkenes var eit av dei mest bomba måla i Europa og tyskarane brente det vesle som gjenstod etter dei russiske bombetokta – var kanskje ikkje spesielt vakker. I alle fall ikkje vakker som Venezia, Oxford eller Lillesand, eller noko slikt. 

Byen hadde likevel ein arkitektonisk integritet, ein realistisk og jordbunden optimisme, og det låg klare idear bak utforminga av bygningane og byplanen. Denne kjernen av tankekraft og etterkrigsmodernisme har Kirkenes ikkje greidd å ta vare på, og eg tvilar på at nokon har prøvd. Byen har fått eit ganske tilfeldig og meir slurvete uttrykk enn det som hadde vore nødvendig.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement