Bok
Spranget
Nikolai Torgersens debutbok er hudlaus, eg er mållaus.
Nikolai Torgersen er biletkunstnar og arbeider med måling, teikning og skulptur. No har han debutert som romanforfattar.
Foto: Agnete Brun
Det lar seg ikkje gjere å starte denne bokmeldinga med ein sjølvopplevd anekdote, anna enn at eg òg kan velje å dele livshistoria mi opp etter gater eg har levd i. Universet i Nikolai Torgersens bok ligg langt unna det eg har rett til i det heile tatt å nærme meg å hevde slektskap til.
Eg finn ikkje nemninga «roman» nokon stad, det er nok fordi det snarare er ei «rein» oppvekstskildring, og fordi vi må forstå hovudpersonen Niko som tett på forfattaren Torgersen. Niko veks opp i ein familie som er prega av fattigdom, mangel på rutinar, sviktande helseoppfølging og gjengs alkoholisme. Dei er plasserte i eit sjikt godt under arbeidarklassa. På same tid er lojaliteten til foreldre og sysken stor; det finst verdiar og kvalitetar også blant dei skakkøyrde.
Frå oska til elden
Om utgangspunktet til Niko er dårleg, skal livet ta ei vending til det verre når dei blir kasta ut av heimen og spreidde for alle vindar. Niko hamnar uti ein årelang runddans av rus, kaos og kriminalitet, heile tida er han heimlaus.
Han likar lange bussreiser, for då har han ein plass å vere, han gler seg til puben opnar, for då kan han sitte der heile dagen, inntil han treffer vener som skal på fest. Han blir med og snyltar litt børst og kokain, og etterpå ber han om å få sove på sofaen til nokon. Når han ikkje er så «heldig», overnattar han ulike stader i byen, som i dei små trehusa i barnehagar. Gjerne i fjorten minus.
Han er skamfull, angstridd og suicidal, og opplever at rusen lar han «manøvrere så enkelt i livet, nesten helt uten motstand fra alt jeg trengte å flykte fra». Inntil det blir rusen sjølv som skapar angsten og problema. Ei hårsbreidd frå døden skjønar han det sjølv, etter ei akutt innlegging.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.