Sakprosa

Sinne og intellektuelle elitar

Overgangen frå Joe Biden til Donald Trump er ikkje eit fall frå ekspertise til dumskap. Det er eit eliteskifte og eit ideologisk jordskjelv.

Donald Trump sjølv er ingen systematisk tenkjar. Han er ein katalysator – ein politisk entreprenør som opnar rom for dei ideane som samlar rørsler og aktivistar kring seg, meiner Laura K. Field.
Publisert Sist oppdatert

Det som skjer i amerikansk politikk, er eit forfall frå ekspertstyre til dumskap, er det nokre som hevdar. Andre ser eit skifte i politisk stil. Forfattar og statsvitar Laura K. Field har ei betre forklaring: Det som skjer i USA, er eit skifte frå éin politisk elite til ein annan. Og ei djup ideologisk endring – kan hende djupare enn noka anna i amerikansk etterkrigshistorie.

Boka hennar, Furious Minds, tek argumenta til Donald Trump på alvor. Ho syner at Maga-rørsla ikkje berre er driven fram av sinne frå grasrota, men at ho òg er informert av forskarar og professorar frå Harvard, Yale og Notre Dame. Det er ikkje eit kunnskapsvakuum som har oppstått i Washington, men eit nytt kunnskapsmiljø.

Sidan andre verdskrigen har amerikansk utanrikspolitikk vore dominert av ein høgt utdanna elite som var samd om at USA skulle vere leiar for ein regelbasert, liberal verdsorden. Då Trump flytta inn i Det kvite huset, tok han med seg eit mannskap som var skeptisk til frihandel, innvandring, overnasjonale institusjonar og kostbare krigar i utlandet. Dei la i staden vekt på nasjonal suverenitet og snevre amerikanske interesser.

Tre rørsler

Field er særleg oppteken av tre intellektuelle rørsler som har støtta Trump frå byrjinga av. Den eine voks fram ved Claremont-instituttet i California for mange år sidan og var inspirert av politiske filosofar som Leo Strauss og Harry V. Jaffa. Dei meiner at den amerikanske republikken vart skipa på naturrett og universelle sanningar om fridom og likskap. Etter deira syn har det moderne demokratiet skusla bort denne arven ved å leggje vekt på egoistisk fridom, mangfald og relativisme. Trump vart for dei eit middel til å gjenreise den «sanne» amerikanske grunnideen.

Den andre rørsla er postliberalismen. Her finn ein katolske tenkjarar som Patrick Deneen og Adrian Vermeule, som er kritiske til det liberale demokratiet. Individuell fridom, marknadsdyrking og verdinøytralitet har, etter deira syn, undergrave kriste fellesskap og moralsk orden. Løysinga er ein sterkare stat som saman med kyrkja fremjar tradisjonelle verdiar og eit felles gode.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement