Litteratur
Einars nye bok
ATHEN: Av alle i den utvida krinsen min av kjenningar er eg ikkje overraska over at musikar og forfattar Einar Stenseng har slått seg ned i Athen. Her skriv han ein ny roman: Einats bok.
Forfattar Einar Stenseng stadfestar påstanden om at Athen er det nye Berlin.
Foto: May Linn Clement
«Athen er det nye Berlin» las eg på ein vegg i byen.
– Stemmer det?
– Absolutt. Athen er neste stopp på hipsterløypa, seier Einar Stenseng (43), som sjølv budde i den tyske hovudstaden på 2000-talet.
Båe stadar har tiltrekt seg kunstnarar som vil leva fritt, billeg og kreativt. No bur han på 70 rutemeter for 500 euro i månaden, i eit spartansk innreidd husvære i nabolaget Metaxourghio, rundt tjue minutt å gå frå sentrum.
– Alt går så sakte her i byen, så eg vonar det tek lang tid før gentrifiseringa når området eg bur i.
Han har balkong og takterrasse med utsikt mot ein kvart av Akropolis, ein stad han har vore éin gong, saman med mor si, etter å ha budd i byen i tre månadar.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.