Vitskap

Habermas i Noreg

Jürgen Habermas sette eit sterkt preg på diskusjonane i Noreg.

Publisert Sist oppdatert

Jürgen Habermas var aktiv frå 1950-talet, men gjennombrotet kom med boka Borgerlig offentlighet frå 1961. Ein av dei som nytta seg av analysane i boka, var Francis Sejersted som i Den vanskelige friheten (Cappelens Norgeshistorie bind 10) skreiv om utviklinga av ei norsk ålmente etter 1814.

Den same Sejersted var leiar for Ytringsfridomskommisjonen, som leverte si innstilling i 1999. Ein annan medlem var filosofen Gunnar Skirbekk. Og Habermas sine analysar av ålmente og ytringsfridom spelar ei hovudrolle i deira rapport. Dette blir fylgt opp av den nye kommisjonen som leverte si innstilling i 2022, der sjølve tittelen er habermasiansk: En åpen og opplyst offentlig samtale. Innanfor feltet ytringsfridom og offentleg diskusjon har Habermas gitt mange av premissane.

Også mediefaget har brukt tankane frå frankfurtarfilosofen. I Bergen utvikla Jostein Gripsrud, Anders Johansen og fleire eit mediefag med rot i humanistiske fag. Her spela Habermas ei viktig rolle, og dei tok på seg å sjå korleis den norske ålmenta vaks fram, gjennom store empiriske arbeid om kva slags diskusjonsfelt som vaks fram i Noreg på 1800-talet. Ein tok til å snakka om regionale og språklege «del-offentligheter», og Habermas vart målideolog.

Han leverte ein sjølvkritikk på vegner av religions­sosiologien.

Habermas har også gitt premissane for utviklinga av ein medieetikk, der retten til å koma til orde har stått sentralt. Journalistikkprofessoren Svein Brurås brukar Habermas som ein av fleire modellar for etisk refleksjon innanfor det praktiske mediefaget.

Hans Skjervheim hadde tidleg kontakt med Habermas. Dei deltok begge i oppgjeret med positivismen, og Habermas viser til Skjervheims magisteravhandling, som han seinare gir rosande omtale i boka om kommunikativ handling. Den vitskapsteoretiske problematikken handla om skilnaden på naturvitskap, humaniora og samfunnsvitskap, der Habermas åtvara mot tekniske modellar i menneskevitskapane.

Dette vart fanga opp av dei filosofiske institutta, der både Tromsø (Jon Hellesnes, Ånund Haga), Trondheim (Audun Øfsti, Helge Høibraaten) og Bergen (Gunnar Skirbekk) var på banen. Habermas vart diskutert og motsagd som ein sentral aktør i heile filosofifaget frå 1970-talet av – stundom med ei spenning mot dei franskorienterte miljøa.

Men filosofane var på ingen måte åleine om interessa. I Gunnar C. Aakvaags bok om moderne sosiologisk teori blir Habermas drøfta som eit av dei viktige namna, nokså sjølvsagt, sidan han heile tida drøftar dei sosiologiske klassikarane (Weber, Durkheim og andre). I norsk sosiologi var Ragnvald Kalleberg ein viktig formidlar av Habermas, medan Rune Slagstad og Erik Oddvar Eriksen tok han inn i statsvitskapen.

I den norske positivismestriden stod pedagogikkfaget sentralt. Diskusjonen om målingar og testar har gått gjennom pedagogikkfaget frå IQ-testane på femtitalet til Pisa-undersøkingane på 2000-talet. Heile tida har Habermas og hans lesarar vore på banen. Ein sentral pedagog i denne diskusjonen har vore Erling Lars Dale, som førte mykje av denne diskusjonen inn i pedagogikkfaget frå byrjinga av 1970-talet.

Då Habermas fekk Holbergprisen ved Universitetet i Bergen i 2005, tok han opp temaet om religionen i det moderne samfunnet. Her leverte han ein sjølvkritikk på vegner av religionssosiologien, som tenkte at modernisering førte til sekularisering, og at religionen ville bli borte når samfunnet vart moderne. Denne analysen stemmer ikkje, slo han fast. Difor må det moderne samfunnet finna ein måte å snakka med religionen på, så dei ikkje kjem i eit destruktivt konfliktforhold. Dette er interessant både for sosiologi og teologi.

Habermas har altså prega både politisk og akademisk diskusjon i ei heil rekkje fag og disiplinar, langt fleire enn det er plass til å nemna her. Han har skapt begeistring og motstand. Det ville han nok likt. Haldninga hans var ikkje at han ville få rett, men skapa gode diskusjonar, filosofisk strid, slik at innsiktene kunne blir skarpare.