Kommentar

Habermas­-epoken

Publisert Sist oppdatert

Denne artikkelen har lyd:

Den franske filosoflitteraten Jean-Paul Sartre var ein institusjonelt uavhengig, frittsvevande intellektuell som vart den fremste offentlege røysta i Etterkrigs-Europa med utfall mot både høgre og venstre. Marxismen er vår tids uoverskridelege filosofi, skreiv han i Kritikk av den dialektiske fornuft (1960). Verket markerte Sartres marxistiske overskriding av Væren og intet (1943), det eksistensialistiske ungdomsverket hans.

Gjennom sitt virke dei siste 70 åra er Jürgen Habermas filosofen som har overskride også den uoverskridelege marxismen. Han har sett omgrep på samtida med dobbeltprosjektet sitt: kontinuerlege intervensjonar i den aktuelle samfunnsstriden i kombinasjon med djuptpløyande sosialfilosofiske studiar. Med forankring i universitetsinstitusjonen har Habermas vorte sjølve symbolet på ein offentleg intellektuell i vitskapens tidsalder.

Habermas’ offentlege debut kom i 1953 med artikkelen «Å tenkje med Heidegger mot Heidegger» i Frankfurter Allgemeine Zeitung, hovudorganet til det konservative Vest-Tyskland. Heidegger var på den tida ein tonegjevande figur i tysk filosofi. Den unge Habermas var rett nok fascinert av Heidegger, men provoserte ved å tematisere det den gong tabulagde: Heideggers nazistøtte.

Etter studietida livnærte Habermas seg som kulturjournalist og la grunnen for eit livslangt nærvær i samfunnsdebatten, anten det gjaldt 1968-opprøret mot det professoralt autoritære universitetet, legitimering av sivil ulydnad mot Natos utplassering av atomrakettar, historikarstriden om holocausts «singularitet», den bioteknologiske instrumentaliseringa av menneskelivet eller religionen som vende tilbake i det den effektive omgrepsprodusenten kalla «det postsekulære samfunnet».

Habermas’ tallause offentlege intervensjonar er dokumenterte i rekkja med «Politiske småskrifter I–XII» (1980–2013), utgjevne i den fargerike serien «edition suhrkamp». Til biletet av Habermas’ offentlege virke høyrer òg at han gjennom fleire tiår saman med Hans Magnus Enzensberger (også han årgang 1929) var den næraste intellektuelle rådgjevaren til Siegfried Unseld (1924–2002), den legendariske leiaren av den venstreradikale kulturinstitusjonen Suhrkamp Verlag.

Habermas voks opp i ein middelklassefamilie med ein far som vart aktiv medlem av Hitlers parti, NSDAP, og som sytte for å innrullere sonen i Hitler-Jugend. Habermas heldt avstand til faren, som hadde slutta seg til nazipartiet i 1933. Også Erich Rothacker, Habermas’ filosofiprofessor ved universitetet i Bonn, hadde nazifortid.

Det var dermed særs frigjerande då Theodor W. Adorno i 1956 inviterte Habermas til å bli hans vitskaplege assistent ved Institut für Sozialforschung i Frankfurt. På den tida var Adorno, saman med Max Horkheimer, leiande i Frankfurtarskulen, som hadde vorte danna i mellomkrigstida i Tyskland av ei gruppe meir eller mindre marxistiske jødiske intellektuelle (mellom andre Erich Fromm, Leo Löwenthal og Herbert Marcuse).

Horkheimer hadde i 1930-åra utforma det han kalla «kritisk teori», ein vestleg marxisme i opposisjon til marxismen-leninismen i aust. Habermas vart frå 1960-åra og utover den fremste representanten for «andregenerasjonen» av Frankfurtarskulen.

Meir enn noko anna var Habermas oppteken av kampen for eit grunnfesta demokrati i det postnazistiske Tyskland, med vedvarande motstand frå antidemokratiske elitar til høgre og seinare – i 1970-åra – terrorisme til venstre (med støtte frå det halvstalinistiske DDR). Nøkkelomgrepet i Habermas’ kommunikative demokratiteori vart «deliberasjon». Omgrepa «fundamentaldemokratisering» og «fundamentalliberalisering» viste til blinde flekker i Marx’ samfunnsteori, svakt utvikla også hos Horkheimer. Habermas’ demokratisk-revisjonistiske marxisme skulle etter kvart ende med ei liberaldemokratisk overskriding også av marxismen.

Opptakta kom med Strukturwandel der Öffentlickeit (1962) (norsk utgåve: Borgerlig offentlighet, 1971), som skulle bli Habermas’ doktoravhandling. Horkheimer hadde lite sans for denne studien; Adorno burde rett og slett kvitte seg med den marxistiske assistenten sin, meinte han. Den marxistisk orienterte statsvitaren Wolfgang Abendroth i Marburg «redda i røynda den akademiske karrieren min», sa Habermas i tilbakeblikk. Denne studien, kanskje den av Habermas’ bøker som har fått sterkast gjennomslag, har vorte ståande som eit hovudverk i moderne statsvitskap, ein klassikar i medievitskapen som på den tida berre var i den spede byrjinga.

Etter Marburg vart Heidegger-kritikaren i 1961 kalla til professor i Heidelberg på initiativ av Hans-Georg Gadamer, den fremste Heidegger-eleven av dei alle. Gadamer hadde nettopp gjeve ut Sannhet og metode, eit hovudverk i moderne hermeneutikk. Det forunderlege er at Habermas i 1965 vende tilbake til Frankfurt som Horkheimers etterfølgjar i professoratet i filosofi og sosiologi – men neppe etter Horkheimers ønske. I 1968 gav han ut Erkjennelse og interesse, den av Habermas’ studiar som er nærast knytt til gründergenerasjonens tematikk, med sin fusjon av Marx og Freud. Men studien varsla òg ein djupare marxistisk revisjonisme med Gadamers hermeneutikk i ei vitskapsteoretisk formidlande rolle.

Teorien om kommunikativ handling (1981) har vorte ståande som Habermas’ fundamentaldemokratiske hovudverk. Her vart Marx (og disippelen hans, Georg Lukács) lutra via klassikarane i den moderne sosiologien, frå Weber og Durkheim til Parsons og Luhmann, i kombinasjon med Husserls fenomenologiske filosofi om livsverda. Studien munna ut i ein teori om politisk makt som ordets makt. Han viser til den politiske skaparkrafta i mennesket: evna til å kunne semjast gjennom samtale og skape institusjonar som kviler på gjensidig forpliktande anerkjenning.

Med Faktisitet og gyldighet (1992) sa Habermas definitivt farvel til marxismen, som her vart liberaldemokratisk overskriden. I sentrum stod Kant og hans meir eller mindre rettsliberale moderne disiplar: Ronald Dworkin, Jon Elster og John Rawls. I forlenginga av denne studien ligg Om Europas forfatning (2011), der Habermas opptrer som normativ-konstitusjonell konstruktør og ser det postnasjonale EU som ein overgang til den kosmopolitiske fellesskapen av statar og verdsborgarar som Kant hadde drøymt om.

Etter terroråtaket 11. september 2001 inviterte Habermas til kritisk sjølvrefleksjon over ei eindimensjonal forståing av det moderne, nemleg førestillinga om at religionen gradvis ville visne bort på grunn av ekspanderande sekularisering. Vesten måtte tvert om forsone seg med sin eigen religiøse arv i ein fredeleg sameksistens mellom religion og vitskap. Sjølvrefleksjonen munna ut i det religionsfilosofiske tobindsverket Habermas gav ut i 2019, då han fylte 90 år!

Utan dei daglege kollokvia med Ute Habermas-Wesselhoeft, utan ektefellen i «presens», ville ikkje Habermas ha makta å realisere det siste verket sitt, skreiv han i føreordet. Då Ute døydde i fjor vår, forsvann ein golvplanke i livet. Dei to hadde hatt fast følgje sidan dei møttest som filosofistudentar tidleg i 1950-åra, «eit lykketreff», kalla Habermas det. Ute vart historikar, men avgrensa eigne ambisjonar av omsyn til familien (to døtrer og ein son).

Dei siste 50 åra levde dei saman i den dels modernistiske villaen dei fekk bygd i Starnberg i Bayern i 1970-åra. Villaen vart ikkje noka privat forskansing, snarare ein intellektuell salong av det slaget Habermas hadde skildra i Borgerlig offentlighet, med Ute og Jürgen som jambyrdig vertskap.

Då Habermas gjekk ut av tida, var også tida for Habermas-epoken ute. Den hadde 1968 som inngang og krigane i Ukraina (2022) og Gaza (2023) som utgang: opna med ein utopisk opplyst horisont, meir eller mindre marxistisk fortolka, og enda med ein dystopisk samtidsdiagnose.

«Alt det som har vore livet hans, går no tapt steg for steg», skreiv Philipp Flesch i Der Philosoph Habermas und wir (2024), eit kulturhistorisk portrett av ei verd av i går, basert på Habermas’ privatarkiv og lange samtalar heime i Starnberg: «Det er overveldande å oppleve Habermas – den siste idealisten – så fatalistisk.»