JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Ordskifte

Vindmøller i ein rettsstat?

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
1908
20230303
1908
20230303

Ønskjer du å delta i debatten? Då kan du sende innlegget ditt til ordskifte@dagogtid.no

Fosen-saka

Det er ikkje noko nytt at vindmøller er kjennemerke på ein rettsstat eller noko anna som me helst ikkje vil vera.

Kongen av Preussen, som regjerte på syttenhundretalet og som me på norsk kallar Fredrik den 2, eller den store, ville for over 200 år sidan gjerne at landet hans skulle vera ein rettsstat. Men det blir fortalt at han ergra seg over ei vindmølle ved slottet sitt, Sorgenfri. Ho både laga lyd og skjemde utsikten. Han ville difor kjøpa mølla og riva henne ned. Men møllaren sa nei. Kongen meinte då at han vel kunne påby sin undersått å riva mølla. Møllaren skal då ha svara at det kunne kongen dersom høgsteretten i Berlin ikkje fanst. Og mølla vart visstnok ståande til ho brann ned under krigen i 1945, men er bygd opp att som vitnemål om at det nye Tyskland vil vera ein rettsstat.

Hjå oss har vår høgsterett samrøystes slått fast at konsesjonen for å byggja vindmøllene på Fosen var i strid med norsk lov. Då finst det faktisk ikkje noko løyve til å byggja vindkraftverket der. Når regjeringa likevel i si tid tillet bygging, så var det eit lovbrot.

Regjeringa i Noreg er den utøvande makta i vår forfatning, eller vårt styresett. I formelle samanhengar kallar ho seg gjerne «kongen». Alle andre enn nettopp regjeringa skal riva hytter, tilbygg og hus, dekkja til tennisbanar og vegar, fylla symjebasseng og føra golfbanar tilbake til naturen eller landbruk, når det ikkje ligg føre lovleg løyve til bygging eller endring i utgangspunktet.

Dersom regjeringa, la oss gjerne kalla henne «kongen», ikkje gjer det same når rettar til urfolk i vårt land har vorte trakka på, så opptrer ikkje vårt land som ein rettsstat overfor samefolket. Det er vindmøller som vitnar, både i Preussen og på Fosen. I Preussen vart mølla ståande, på Fosen må møllene ned. Elles vert dei nasjonale nidstenger over landet som elles ville vera ein rettsstat.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Omvend baug: X-Bow-en er utvikla av Ulstein og vert no for første gong nytta på ein fiskebåt.

Foto: Westcon

FiskeSamfunn

Båtbyggjarfolket

Trålaren «Ecofive» er både ei teknologisk nyvinning og eit resultat av den urgamle båtbyggjarkulturen på Vestlandet.

William Sem Fure

Foto: Julie Pike

LitteraturFeature

– Eg kan ikkje sovne inn i mitt eige liv

Ein abort gjekk frå å vere nemnd i forbifarten til å gje den nyaste romanen tittel.

IdaFrisch

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis