Vi veit kva som skal til for å sikra nødvendig kunnskap

Biletet viser noko av dyrelivet på botnen i nærleiken av Jan Mayen.
Biletet viser noko av dyrelivet på botnen i nærleiken av Jan Mayen.
Publisert

«Verken Miljødirektoratet eller Havforskingsinstituttet har nokon klar strategi for å få inn kunnskap om berekraftig utvinning av havbotnmineral. Da må vi basere oss på samspel mellom styresmakter og selskap.»

Vi vart overraska då vi kunne lese dette sitatet frå olje- og energiminister Terje Aasland i Dag og Tid 23. juni. For dette kjenner ikkje vi som jobbar med denne tematikken på Havforskingsinstituttet (HI), oss igjen i.

I etterkant av denne utsegna til Dag og Tid, stiller åtte miljøvernorganisasjonar spørsmål til Aasland i Aftenposten 20. august: «Mener Aasland at kommersielle aktører er bedre rustet til å tette kunnskapshullene om livet i dyphavet enn det miljøfaglige instanser er?»

Først litt bakgrunn: Mineralutvinninga i norske havområde skal ifølge regjeringa bidra med byggemateriale til det grøne skiftet. Oljedirektoratet har i lang tid gjennomført feltundersøkingar på den midtatlantiske ryggen og kartlagt mineralressursar og djup.

I 2019 vedtok Stortinget havbotnsminerallova. Denne seier at det skal gjennomførast ein opningsprosess før ein tildeler løyver og set i gang aktivitet.

Opningsprosessen blei sett i gang av Olje- og energidepartementet (OED) på oppdrag frå regjeringa i 2020. Denne bestod av to delar: ei konsekvensutgreiing (KU) og ei ressursvurdering.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement