JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Ordskifte

Vi veit kva som skal til for å sikra nødvendig kunnskap

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Biletet viser noko av dyrelivet på botnen i nærleiken av Jan Mayen.

Foto: Senter for djuphavsforsking, Universitetet i Bergen

3828
20230901
3828
20230901

Ønskjer du å delta i debatten? Då kan du sende innlegget ditt til ordskifte@dagogtid.no

Gruvedrift på havbotnen

«Verken Miljødirektoratet eller Havforskingsinstituttet har nokon klar strategi for å få inn kunnskap om berekraftig utvinning av havbotnmineral. Da må vi basere oss på samspel mellom styresmakter og selskap.»

Vi vart overraska då vi kunne lese dette sitatet frå olje- og energiminister Terje Aasland i Dag og Tid 23. juni. For dette kjenner ikkje vi som jobbar med denne tematikken på Havforskingsinstituttet (HI), oss igjen i.

I etterkant av denne utsegna til Dag og Tid, stiller åtte miljøvernorganisasjonar spørsmål til Aasland i Aftenposten 20. august: «Mener Aasland at kommersielle aktører er bedre rustet til å tette kunnskapshullene om livet i dyphavet enn det miljøfaglige instanser er?»

Først litt bakgrunn: Mineralutvinninga i norske havområde skal ifølge regjeringa bidra med byggemateriale til det grøne skiftet. Oljedirektoratet har i lang tid gjennomført feltundersøkingar på den midtatlantiske ryggen og kartlagt mineralressursar og djup.

I 2019 vedtok Stortinget havbotnsminerallova. Denne seier at det skal gjennomførast ein opningsprosess før ein tildeler løyver og set i gang aktivitet.

Opningsprosessen blei sett i gang av Olje- og energidepartementet (OED) på oppdrag frå regjeringa i 2020. Denne bestod av to delar: ei konsekvensutgreiing (KU) og ei ressursvurdering.

Basert på desse innleiande arbeida vart ein avgrensa del av utgreiingsområdet opna i 2022.

Havforskingsinstituttet påpeika alvorlege kunnskapsmanglar i arbeidet som var gjort, til liks med ei rekke andre aktørar.

I vårt høyringssvar til KU trekte vi fram klare manglar i kunnskapen om marine økosystem i området. Vi peika også på at det ikkje har vore prioritert til no, og at det vil vere ein tidkrevjande prosess sjølv om det no vert sett på dagsordenen.

Det er avgjerande å beskrive ein prosedyre for innhenting av forskingsdata som vil gjere at ein kan samanlikne bidrag frå ulike bidragsytarar – enten det er miljøfaglege instansar eller kommersielle aktørar. Men det fordrar også at dei som skal bidra, har rett kompetanse.

Vi skreiv vidare at dersom Noreg ikkje endrar kursen her, kan det svekkje landets omdøme som ein berekraftig havnasjon.

Men vi kom ikkje berre med kritikk, vi peika også på løysingar for å få opp farten i datainnsamlinga.

I vårt høyringsinnspel meinte vi at innsamling av dei data ein treng for å forstå kva økosystem som kan stå på spel, bør fylgje dei etablerte prosedyrane for Mareano.

Mareano er eit forskingsprogram for botnkartlegging, finansiert av Nærings- og fiskeridepartementet (NFD) og Klima- og miljødepartementet (KLD) sidan 2005. Vi i HI gjer den utøvande delen av jobben, saman med Kartverket og NGU.

Sentrale metodar for kartlegging er høgoppløyst ekkolodd, videoopptak, grabb- og trålprøvar langs førehandsdefinerte ruter.

Vi har også sagt at ein må kartleggje kva artar som vil vere spesielt sårbare dersom ein startar opp mineralutvinning på havbotnen. Då treng vi også forsking på kor grensa går før artar blir påverka, såkalla effektgrenser.

Med andre ord: Vi opplever å ha sagt tydeleg ifrå om kva som trengst for at Noreg skal ha det kunnskapsgrunnlaget som ein bør ha.

Vi har erfaringar frå snart 20 år med Mareano-programmet og med det eit realistisk bilete av kva kartlegging av havbotnen vil koste i kroner og øre.

I tilrådinga i Meld. St. 25 (2022–2023) står det: «Regjeringa vil – kartleggja miljøforhold i områda som er relevant for mineralverksemd, gjennom Mareano-programmet.»

Vi vonar regjeringa vil tilføre midlar til dette programmet for å gå frå ord til handling i denne saka.

Frode B. Vikebø er forskingssjef, Geir Lasse Taranger er forskings­direktør og Nils Gunnar Kvamstø er administrerande direktør ved Havforskingsinstituttet.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar

Rita Paramalingam er fødd i 1993 i Oslo og er jurist. Ho debuterte i 2017 og kjem no med sin andre roman.

Foto: Marthe Haarstad

Meldingar

Den vanskelege sameksistensen

Rita Paramalingam skriv overtydande om sosial dysfunksjonalitet.

Odd W. Surén

Teikning: May Linn Clement

BokMeldingar
Olav H. Hauge

Olav H. Hauge-dagbøkene

15. mars 1938: «Sume er so redde for å ta frå andre, eller rettare vera ved at dei låner; dei prøver på død og liv vera originale.»

Det er seks år sidan Norma Winstone gav ut førre album.

Foto: Michael Putland / ECM Records

MusikkMeldingar
Lars Mossefinn

Hand-i-hanske-duo

Norma Winstone er ein tekstforfattar av rang.

Erling Indreeide har mellom anna skrive fleire diktsamlingar, musikk- drama og essay.

Foto: Julie Engvik

BokMeldingar
Sindre Ekrheim

Noko for seg sjølv og noko for kvarandre

Erling Indreeide har skrive ei bok som eig ei uvanleg sterk poetisk tankekraft.

Svenske soldatar øver på grensa mellom Noreg og Finland under Nordic Response i 2024.

Foto: Heiko Junge / NTB

Ordskifte

«Det dreier seg om å ha eit truverdig forsvar som held fiendar borte.»

Tor OlavHauge

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis