Vi treng fleire universitet

Publisert Sist oppdatert

Redaktør Svein Gjerdåker brukar leiarplass i Dag og Tid 21. juni til å påpeike at Høgskolen i Innlandet (HINN) er på veg inn i universiteta sine rekker. Eg takkar for gratulasjonen, og ønskjer å svare på eit par av spørsmåla redaktøren stiller.

Gjerdåker forstår ikkje kvifor landet treng fleire universitet. «Vi har alt ti frå før. Det må vera mange nok i eit lite land», skriv han.

Frå min ståstad, litt ute i periferien i dette landet, ser landskapet og problemstillingane noko annleis ut.

Befolkninga i Innlandet har til dømes blant landets høgste del eldre og lågaste del yngre. Me har spreidd busetnad og Noregs lågaste utdanningsnivå. Samstundes har regionen store moglegheiter og ambisiøse strategiar for vekst og utvikling inn i ei berekraftig framtid. Men skal regionen lukkast, krevst det større kompetansemiljø og vekst med rot i forskingsbasert kunnskap.

Det er her me som universitet skal spele ei meir betydingsfull rolle enn det me gjer i dag. Ei akkreditering som universitet vil gjere tydelegare kva me er og kva me gjer: altså ein institusjon som tilbyr eit breitt spekter av utdanningar på alle nivå, med høg kvalitet i undervisning og forsking.

Me trur at ein universitetsstatus vil gjere oss meir attraktive i rekruttering av studentar og tilsette, og føre til enda meir samarbeid med nærings- og arbeidsliv.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement