Vi kan ikkje tvingast til trivsel

Publisert

Ønskjer du å delta i debatten? Då kan du sende innlegget ditt til ordskifte@dagogtid.no

Ønskjer du å delta i debatten? Då kan du sende innlegget ditt til ordskifte@dagogtid.no

I eit svar på min kommentar til pensjonsutvalet i Dag og Tid nr. 26 hevder Asbjørn Lauvstad eg driv med ynskje­tenking når eg meiner arbeidslivet må verte mindre krevjande om folk skal stå lenger i jobb samstundes som auka levestandard krev høgare effektivitet. Han vil i staden at samfunnet skal «stimulere folk til å leve sunnare når det gjeld kosthald og mosjon» ­– særleg dei «veike gruppene» eg er talerør for, som «ofte lever lite sunt på dei omkverve».

Ja vel. Sett at det er slik – bør vi ikkje då ta oss tid og råd til å spørje oss kvifor? Kan det ha noko med å gjere at dei «veikare gruppene» tener mindre, og at det er like godt kjent at sunn mat er monaleg mykje dyrare enn usunn mat (det billegaste du kan leve på her i landet er truleg pølser og softis på Ikea, medan det dyraste er eit økologisk vegetarkosthald)? Eller at usikre og ugunstige arbeidstider gjer det både dyrare og vanskelegare å halde ein sunn livsstil (korleis kan du prioritere å melde deg på eit dyrt yogakurs med trening på tysdagskveldane, dersom du aldri veit om du må ta seinvakta på sjukeheimen dei tysdagane for å ha råd til å betale for kurset?)?

Lauvstad meiner det logiske for yrkesgrupper med høg uføredel i tidleg alder ville vore å senke pensjonsalderen, og spør om vi skal gjere den allminnelege pensjonsalderen lågare av omsyn til grupper meg høg arbeidsbelastning. Eg vil heller byrje i den andre enden: å sjå på kvifor så mange endar i uføretrygd så tidleg.

Sjølvsagt finst det dei som seier: «Eg legg ned pennen det sekundet eg fyller 62, same om eg så er midt i ein setning.» Men kan vi dra ei rett linje derfrå til at hen er lat og ikkje bryr seg om å bidra til samfunnet? Eg trur ikkje det. Eg trur ikkje folk flest snik seg unna å jobbe. Eg trur fleirtalet av dei som trivst i jobben sin, vel å jobbe ­– og dei som av ei eller anna årsak ikkje gjer det, vel å slutte tidleg.

Vi må ta oss tid til å spørje kva det er med arbeidslivet som gjer at hen vil forlate det i slik hast. Vi har så vidt byrja å spørje om arbeidet er for tungt, både psykisk og fysisk, og det er viktig. Men vi må òg hugse å spørje om det er meiningsfullt: For nettopp det, å kjenne seg meiningsfull og føle at ein bidreg til noko, er viktig motivasjon for å gå på jobb, samstundes som det ikkje er til å kome frå at papirmølla vi har laga oss, fører til at stadig fleire føler dei sit på det ein på godt norsk kallar «bullshit jobs» – jobbar som ikkje gjer nokon skilnad. Om ein føler seg meiningslaus, der ein sit og flyttar papir frå ein bunke til ein annan medan hagen gror att og barnebarna veks til og velforeininga står utan leiar utanfor kontorvindauget, meiner eg det er ei kjensle vi skal ta på alvor.

Vi må hugse kva som er årsaka til at vi hevar pensjonsalderen og difor målet med eit nytt pensjonssystem: å få fleire til å jobbe lenger. Og så må vi spørje oss korleis vi best når det målet. Om vi tviheld på at vi berre skal løyse problemet innanfor pensjonssystemet, vert truleg svaret å tvinge folk til å jobbe lenger. Men det er av mangel på alternativ, ikkje fordi det er det beste svaret på spørsmålet.

Auka levestandard på kostnad av trivsel er rett og slett ikkje auka levestandard, slik eg ser det.