Debatt
Verbet lure
Russiske soldatar på militærøving i Rostov-regionen i januar 2026.
Foto: Sergey Pivovarov / Reuters / NTB
Ingunn Lunde skriv i innlegget «Misvisande balanse» 16. januar at det ikkje finst «noko kjeldegrunnlag for å hevde» at utanlandske soldatar på begge sider i Ukraina-krigen «blir lurte» dit, slik eg hevdar i «Frå kuler til ord» 9. januar. Dette er «eit typisk og ganske alvorleg døme på bothsiding», skriv ho.
Kommentaren min handlar i hovudsak om litteratur om krig, ikkje om Ukraina-krigen. Men at ein professor med spisskompetanse tar seg tid til å kritisere slapp ordbruk eller dokumentasjon, er bra. Når eg skriv at «soldatar blir lurte», kunne eg valt eit anna verb. Verb som blir brukte i BBC-programmet The Documentary, som Lunde viser til, er mislead og misinform. I to andre The Documentary-program der utanlandske soldatar i Russland står i fokus, bruker dei sterkare verb: lure og trick.
Samtidig blir det engelske verbet lure brukt også om utanlandske soldatar på ukrainsk side, til dømes i artikkelen «Financially desperate Colombians ’recruited’ to fight for Ukraine to pay off debts» i International Business Times. Det handlar om menn som har fått ein «security job» via sosiale medium, og som ikkje kjem seg heim. Historia liknar historier om utanlandske soldatar i Russland. Men som Lunde seier: I denne krigen er ikkje sidene likeverdige.
Det skulle eg ha understreka, slik The Guardian gjer i ei sak om 17 sørafrikanarar som prøver å komme seg ut av Ukraina (6. november): Begge sider har verva soldatar frå utlandet, men Russland har gjort det i langt større omfang, «often relying on coercion and deception», skriv journalisten. Samtidig er det «uklart kva side mennene kjempa for» – truleg den russiske.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.