Utanriks
Misvisande balanse
Soldatar frå dei ukrainske væpna styrkane ved frontlinja.
Illustrasjonsfoto: Stringer / Reuters / NTB
I artikkelen « Frå kuler til ord » (Dag og Tid 9. januar 2026) skriv Marita Liabø om utanlandske soldatar som kjempar for Ukraina eller Russland: «På begge sider er det dokumentert at mange soldatar blir lurte. Dei får eit uklart jobbtilbod og blir kanonføde.» Eg følgjer Russlands angrepskrig tett og veit at dette stemmer for Russland, men ikkje for Ukraina. Eg spurde derfor Liabø om kjeldegrunnlaget hennar for denne påstanden.
At Russland har rekruttert soldatar frå ei rekkje land, særleg afrikanske, på ein måte som kan skildrast med ord som «lurt» og «kanonføde», er velkjent og veldokumentert. Russland tvangsrekrutterer òg ukrainarar på mellombels okkupert område til å kjempe mot sitt eige land, Ukraina.
Også Ukraina rekrutterer utlendingar, men det er på ingen måte dokumentert at dette skjer på same vis som hos Russland. Liabø viste meg til éi einaste kjelde, ein podkast frå BBC om colombianske soldatar i Ukraina. Det finst mange og gode kjelder som skildrar colombianske soldatars erfaringar i Ukraina, veldokumenterte med talrike intervju og research på bakken. Så seint som 2. januar hadde den beste engelskspråklege podkasten om Russlands krig i Ukraina, The Telegraphs «Ukraine the Latest», eit grundig intervju med Natalie Gallón på bakgrunn av hennar reportasjereise for WLRN. Colombianarane, som er dyktige soldatar med krigserfaring, rapporterer gjennomgåande om at dei er blitt svært godt tekne imot i Ukraina, både som aktivt tenestegjerande soldatar og under rehabilitering og eventuell omskulering – for mange ønskjer å halde fram i tenesta sjølv om dei er blitt skadde.
Så påstår heller ikkje BBC-kjelda til Liabø noko anna! Den halvtimeslange podkasten gir eit godt innblikk i colombianarane sine motivasjonar og erfaringar, som så å seie utan unntak er positive. Det er viktig å følgje offisielle prosedyrar, understrekar dei, og ikkje prøve å ta snarvegar. Ein colombianar hamna mellombels i det han kallar eit «administrativt limbo» når det gjaldt helsetenester, før han var bustadsregistrert (eit byråkratisk problem som også ukrainarar, særleg dei internt fordrivne, tidvis må streve med), men både BBC-kjelda og talrike andre kjelder dokumenterer overtydande at colombianske soldatar som blir skadde, får gode helsetenester i Ukraina.
Det finst altså ikkje noko kjeldegrunnlag for å hevde det Liabø skriv: «På begge sider er det dokumentert at mange soldatar blir lurte. Dei får eit uklart jobbtilbod og blir kanonføde.» Derimot er dette eit typisk og ganske alvorleg døme på bothsiding – å framstille to sider i ei sak som likeverdige, sjølv om dei ikkje er det i røynda.
Eg foreslo for Liabø å publisere ei retting i dagens avis. Sidan ho avslo dette, har eg gjort det sjølv.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.