Litteratur
Frå kuler til ord
Jo fleire krigar og diktatur, jo fleire vonde forteljingar. Kan dei skape fred?
«Paths of Glory» blei måla av C.R.W. Nevinson i 1917 og skildrar britiske soldatar ved vestfronten.
Krigen kjem nærmare. Enno er han for langt unna til at vi kjenner lukta. Våpenmotstanden som var sentral på venstresida i tiåra etter andre verdskrigen, ligg brakk, sjølv om verdsleiarane truar med ukloke ord.
Då bør vi hente fram Arnulf Øverland: «Du har ikke lov å gå der og glemme!»
Sjølv ein liten tekst kan vekke stor fredsvilje. Men kor mange har ikkje skrive om krig og følgene av krig sidan 1937.
David Szalay vann nyleg Booker-prisen med romanen Kjøtt. Szalay skriv konsist om ein austeuropeisk mann forma av storpolitisk uro og ein kultur der rus og vald er vanleg. Han er ikkje eit dårleg menneske, men hard, og han vervar seg og reiser til Irak og Afghanistan.
I dag er det Ukraina menn reiser til for å krige. Premissen er ein annan: Mange av dei utanlandske soldatane ønsker å bidra i forsvaret av ein uskyldig nasjon mot ei fæl overmakt. Og både Ukraina og Russland treng hjelp utanfrå. Minst 1,5 millionar ukrainarar og russarar har blitt drepne eller skadde sidan krigen braut ut i 2022.
Endling
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.