Vår kamp
Ønskjer du å delta i debatten? Då kan du sende innlegget ditt til ordskifte@dagogtid.no
Ønskjer du å delta i debatten? Då kan du sende innlegget ditt til ordskifte@dagogtid.no
Kjartan Myklebust har eit innlegg i siste nummer av Dag og Tid der han synest å meine at det er galt å stø eit folk militært som forsvarar seg mot eit åtak frå ein overmektig fiende. Og dette sjølv om vi alle veit, eller bør vite, at Russland no er styrt av ein nær eineveldig despot, den siste i rekkja av slike i Russland. Men til mi store undring meiner han også at det var ei føremon at Noreg hadde eit svakt forsvar mot Tysklands og Hitlers åtak i 1940, for det reduserte krigsomfanget i Noreg.
Ingen av oss veit korleis historia ville vorten om Noreg hadde hatt eit sterkt forsvar i 1940, eller om vi ikkje hadde kjempa. Med sterkt forsvar kunne vi unngått krigen, vil mange meine. Sverige hadde den situasjonen. Vi kunne også ha vunne fridomen vår utan å kjempe, men då som følgje av at andre hadde kjempa vår kamp utan vårt bidrag. Det ville vore usolidarisk og umoralsk, i beste fall. I verste fall var det meir hasardiøst enn å kjempe. Den gongen var kampen mot Hitlers Tyskland også vår kamp, uansett.
Far min var elev på befalsskulen i Bergen 9. april 1940. Han vart utkommandert for å kjempe, og hamna etter kvart i stilling ved Voss, der han låg og sikta på tyskarane som trengde på. Dei fekk aldri ordre om å skyte. Dette var han sint for der og då, for kampviljen var stor. Men då han etterpå såg kor overmektig fiende dei hadde møtt, var han for eigen del glad dei ikkje fekk ordren. Han overlevde også eitt og eit halvt år i krigsfangenskap i Tyskland (dagens Polen). Despotens herjingar fekk han sjansen til å sjå til fulle. I ettertid var han tydeleg på behovet for eit sterkt forsvar i allianse med nærskylde demokrati. Å kjempe mot ein despot var verdt ein krig, også med eige liv som innsats.
Myklebust sin logikk synast vere at om du er svak, må du underkaste deg despotens maktbruk. Det kan kanskje vere best på kort sikt, i alle fall om andre etter kvart tar livet av despoten. Men det kan også gi ei verd der despotane får herje fritt. I andre verdskrigen vart vi redda av at despotane Hitler og Stalin etter kvart prøve å ta livet av kvarandre, og at den sterke makta USA vart direkte involvert i samarbeid med andre demokratisk land.
Historia har tydeleg vist oss kva som må til for å unngå krig mellom nasjonar. Sentralt er såkalla konsoliderte demokrati, altså demokrati som har solid historisk og kulturell forankring. Gleditsch kunne i 1992 slå fast at demokratiske nasjonar alltid hadde vore på same side i store krigar, og aldri hadde gått til åtak på kvarandre. Etter 1992 har det ikkje skjedd noko som har skipla dette bildet. Det kan vere tilfeldig, men er det neppe. Det beste tiltaket mot krig mellom nasjonar synast å vere å etablere konsoliderte demokrati. Og i tida etter 1990 gjekk verda lenge i slik retning. Men det skal ikkje vere lett, noko som vi har sett dei seinare åra. Det har mange stader vore sterke tendensar i autoritær retning, også i konsoliderte demokrati.
I Russland har det gått aldeles gale. Nasjonen har aldri vore eit konsolidert demokrati. Dei siste 15 åra har vi sett ei tydeleg utvikling i totalitær retning. I Ukraina har retninga vore demokratisk. Det er openbert eitt av fleire motiv for Putins krig. Det bør ikkje vere tvil om vårt og andre demokratiske nasjonar sitt sterke svar, også med våpen i hand om naudsynt. Despoten gir seg sjeldan, han må kjempast ned. Den svake motparten er despotens kjære arena. Despoten finn alltid eit påskot for imperiebygging på kostnad av den svake. Ukrainas krig mot Putins Russland er også vår kamp.