Krigshissing

Publisert

Ønskjer du å delta i debatten? Då kan du sende innlegget ditt til ordskifte@dagogtid.no

Ønskjer du å delta i debatten? Då kan du sende innlegget ditt til ordskifte@dagogtid.no

Kva er formålet med å pøse våpen og ammunisjon inn i Ukraina, slik USA og Vest-Europa no gjer? Vesten hissar med dette til meir omfattande krigføring. Konsekvensen vil berre føre til ei forlenging av krigen mot ei overmakt, og fylgjeleg auka lidingar – og større tap av menneskeliv – i Ukraina.

Då Norge vart invadert av Tyskland i 1940, var det mange som kritiserte styresmaktene for at det militære forsvaret vårt var for dårleg utbygt. Men sett i ettertid var dette eigentleg ein føremon, ved at krigshandlingane mot denne overmakta vart relativt kortvarige, med nokså lite mannefall.

Sidan Nato – med provoserande militære anlegg og vidare opprusting i Russland sine nærområde – har hovudansvaret for at denne konflikten har oppstått, burde Vesten heller medverka til ei fredeleg løysing.

Men det er ei kjend sak at USA ynskjer permanent konflikt mellom Vest-Europa og Russland, for å styrke verdsherredømet sitt.