Utdanningsforbundet og lærarane
Ønskjer du å delta i debatten? Då kan du sende innlegget ditt til ordskifte@dagogtid.no
Ønskjer du å delta i debatten? Då kan du sende innlegget ditt til ordskifte@dagogtid.no
I Dag og Tid 12. august skriv tidlegare leiar i Norsk Lektorlag, Gro Elisabeth Paulsen, om lektorane. Som sentralstyremedlem i Utdanningsforbundet, den lærarorganisasjonen som organiserer flest lektorar i norsk skule, deler eg engasjementet Paulsen har for denne gruppa av høgt utdanna lærarar. Nokre av påstandane til Paulsen blir likevel galne. I hennar forteljing blir medlemmene i Lektorlaget ein forfølgd minoritet, stempla som kjettarar og moralsk ureine (!) av Utdanningsforbundet og dei andre lærarane, som ikkje kan akseptere at Lektorlaget er opptatt av faga og av lang fagutdanning for lærarar. Av omsyn til fleirtalet av norske lektorar, som har valt å vere medlem i Utdanningsforbundet, og av omsyn til alle andre lærarar som er opptekne av skulefaga og av god lærarutdanning, kan ikkje desse påstandane stå uimotsagde.
Utdanningsforbundet har lang tradisjon for å engasjere seg i faglege spørsmål. Vi har gått tungt inn i arbeidet med nye læreplanar både i 2006 og no sist i 2020. Vi har stått på barrikadane for å fremje synspunkta til lærarane i striden om eksamen i matematikk og i norsk. Dette veit alle som har vore engasjerte i desse prosessane, ikkje minst Norsk Lektorlag, som vi har eit godt samarbeid med i dei fleste av desse spørsmåla. Utdanningsforbundet har dessutan vore ein viktig pådrivar for masterutdanning for alle lærarar.
I tillegg har Utdanningsforbundet vist fleire gonger, ikkje minst i skrivande stund, at vi er villige til å kjempe mot den elendige lønnsutviklinga for lærarane med lengst utdanning. Her har eg aldri opplevd nok anna enn brei semje og solidaritet i organisasjonen. Paulsens påstand om at lektorane er upopulære i Utdanningsforbundet, har derfor ikkje rot i verkelegheita.