Lektorane – upopulære i Utdanningsforbundet?
Ønskjer du å delta i debatten? Då kan du sende innlegget ditt til ordskifte@dagogtid.no
Ønskjer du å delta i debatten? Då kan du sende innlegget ditt til ordskifte@dagogtid.no
I Dag og Tid 5. august kommenterer Anders Folkestad og Torbjørn Ryssevik artikkelen til Jon Hustad om lektorane og den økonomiske nedgangen deira. Anders Folkestad var sjølv leiar for Lærarforbundet på 1990-talet og ei drivande kraft bak fusjonen med Norsk Lærarlag og etableringa av Utdanningsforbundet. I omtalen av dei lektorane som ikkje ville vere med på denne prosessen, og som derfor melde seg inn i det nye Norsk Lektorlag, avslører Folkestad og Ryssevik kjernen bak usemja. Dei skriv: Realiteten er at somme lektorar heldt seg for gode til å vere i organisasjonsfellesskap (Lærarforbundet) med kollegaer med anna utdanning, sjølv om dei delte arbeidsplass.
Her slepper dei katta ut av sekken: Lektorane er arrogante og skal ikkje tru at den lange universitetsutdanninga deira er noko å fare med. Ein skal ikkje komme her og komme her og snakke om faglege kunnskapar eller ha eigne meiningar om didaktikk og undervisning. Det hjelper lite at Folkestad og Ryssevik òg skriv at dei «ofte har sans for fagpolitiske standpunkt frå nye Norsk Lektorlag». I debatten om strengare kompetansekrav både i grunnskolen og i vidaregåande skole har Utdanningsforbundet vist sterk ambivalens i synet på kor naudsynt det eigentleg er med fagleg djupne.
Det seier seg sjølv at ei fagforeining der fleirtalet av medlemane har 15 til 60 studiepoeng i sine undervisningsfag, knapt kan kviskre om at 120 eller meir er ønskeleg og dermed verdt høgare løn. Folkestad og Ryssevik seier, som rett er, at styresmaktene har skaffa nok lærarar ved å senke utdanningskrava i staden for å heve lønna. Likskapsideologien i Lærarforbundet, og seinare Utdanningsforbundet, har bidratt med argument for ei slik utvikling.
For arbeidsgjevarsida har det vore særs opportunt å nedvurdere nytten av ei lang universitetsutdanning. Litt høgare utdanning er flott, men lengre utdanning er i beste fall uviktig, i verste fall berre ei kjelde til høgmot. På 1990-talet var det vanleg at lektorar ikkje våga nemne at dei faktisk var lektorar. Heller ikkje blant kollegaer innanfor Utdanningsforbundet. Skuldingane om akademisk arroganse låg som ei klam hand over skoledebatten. Skoleforskar Andy Hargreaves har observert slike tilhøve der folk som ikkje følger «det store vi» i synet på fag, pedagogikk og tariffpolitikk, vert gjort til kjettarar.
Ein må ikkje lytte til dei farlege ideane til kjettarar, for dei er moralsk ureine. Mange lektorar har måtta teie om eige syn på fag og arbeidstilhøve i skolen. Dei kjenner seg meir ideologisk velkomne i Lektorlaget. Når valet deira så blir omtalt som reinspikka snobberi, at dei «føler seg for gode» til å vere i same organisasjon som andre på den felles arbeidsplassen, vert det stadfesta at ja, dei faglege, pedagogiske og tariffpolitiske argumenta deira vert ikkje tekne på alvor. Folkestad og Ryssevik hevdar at «organisasjonskløyvinga» svekkjer lektorane. Då meiner dei kanskje også at sjukehuslækjarar vil få høgre løn dersom dei slår seg saman med sjukepleiarar og helsefagarbeidarar til ei felles foreining?
I mange stridsspørsmål kan det heller vere slik at arbeidsgjevarsida opplever hardare motstand når dei må argumentere mot fleire tillitsvalde frå ulike organisasjonar. Folkestad og Ryssevik klandrar Lektorlaget for at dei nå er i ein tariffkonflikt, men ikkje har teke nokon ut i streik i sommar. I 2014 viste det seg å vere ein god strategi å vente med streik til skolestart. Dette var ei kreativ nyvinning etter tiår med mislukka lønskampar der lærarar og lektorar gong på gong vart desillusjonerte av nyttelaus streik i sommarferien. Lektorar har ei solid utdanning, dei kan tenkje sjølv, og dei ventar å bli respekterte når dei gjer det.