Uryddig framstilling
Ønskjer du å delta i debatten? Då kan du sende innlegget ditt til ordskifte@dagogtid.no
Det samiske
Morten Strøksnes sitt tredelte «essay» om samane har fått kritikk for aparte analysar og sviktande faktagrunnlag, mellom anna av oss. Hans svar på det han kallar vår «mislykka opprydding» (21. april), har gitt oss endå ei anledning «å rote det til». Vi vil gå inn på nokre enkeltpunkt og dessutan gi nokre merknader til Strøksnes sin debattstil.
Strøksnes innleier sitt svar ved å bli personleg. Han insinuerer at det er noko negativt ved ein av oss (Berg-Nordlie) sitt virke som fagansvarleg i Store norske leksikon. Det er litt uklart korfor det er negativt å skrive i leksikon, og Strøksnes gir heller ingen eksempel på kva som er gale med det. Strøksnes insinuerer òg at vi har reint eigennyttige motiv for å gå i debatt med han. Vi kan forsikre at vi har ting i livet vårt som hadde vore både meir eigenyttig og artigare å bruke tid på enn akkurat det.
Det er merkbart at Strøksnes gjerne skriv han ikkje nødvendigvis meiner ein bestemt ting, men så gir han deretter lesaren hint og vinklingar som styrer mot den konklusjonen likevel. Han bedyrar at det ikkje er viktig kven som kom først til nordområda av ulike folkeslag, men brukar likevel masse plass på å framstille det som at samane kom sist (ei håplaus oppgåve).
Og om søknadsbaserte støtteordningar for samisk kulturutøving skriv han at han «kritiserer absolutt ikkje at det finst slike ordningar», men samstundes mistenkeleggjer han dei støtta samiske aktivitetane ved å setje ordet «samiske» i hermeteikn, og vinklar saka på vis som fort leier lesaren til å tenkje at det er litt leitt at kulturarrangement i Nord-Noreg kan få ekstra støtte viss dei tar med noko samisk på programmet.
Strøksnes innleier det nemnde avsnittet med «når det gjeld midlar øyremerkte til samar…». Då ventar vi i spenning på at han skal gi oss dei eksempla vi har bede om på at Sametingets valmanntal blir misbrukt på den for oss ukjende måten at det finst eigne «midlar som er øyremerkte samar» som berre valmanntalsførte kan søkje på. Men det kjem ingen eksempel.
Derimot begynner Strøksnes, ut av det blå, å skrive meir generelt om støtteordningar til utøving av samisk kultur og til studium av samiske tema, og så skuldar han oss for å «late som om denne støtta ikkje finst». Men vi har aldri nekta for at støtteordningane finst. Dei gjer heldigvis det, og så vidt vi veit, kan alle søkje på dei – same eller ikkje same, valmanntalsført eller ikkje. Strøksnes byggjer her ein stråmann: Han skriv som om vi har sagt noko anna enn vi har.
Når det gjeld samanes heimland, Sápmi, så bit vi oss merke i at Strøksnes skriv at «storparten av dette landområdet var busett av forløparane til den etnisk norske befolkninga lenge før samane kom». Sápmi strekkjer seg altså mellom Hedmark og Kvitehavet, mellom Barentshavet og Bottenhavet. Det er noko til påstand at storparten av det enorme området først var busett av etniske nordmenn sine anar. Når det gjeld samisk kultur og samfunn, har dei ikkje «kome» til Sápmi som noka fiks ferdig importvare, dei har oppstått i Sápmi over tid og har minst like djupe røter i sitt eige heimland som dei andre etniske gruppene der.
Spørsmålet om kven som kom først av ulike etnisitetar, som Strøksnes vier så mykje interesse, er uansett ikkje relevant for omgrepa «kolonisering» og «urfolk», som han knyter dei opp mot: dei omgrepa har å gjere med at statane tok områda til folk som allereie var der. Men vi noterer oss at Strøksnes held fast på at det er hans urfolksdefinisjon som er rett, og ikkje den som blir nytta av internasjonale konvensjonar og den norske regjeringa.
Strøksnes prøver seg òg på juss, men konklusjonane treffer ikkje. Høgsterett seier ikkje i Fosen-saka at reindrifta skal gå først i alle høve. Høgsterett gir ingen generell vetorett til reindriftssamar. Det er sentralt i saka at det fanst plasseringar av vindturbinane som ikkje øydela like mykje for reindrifta. Fosen-reindriftssamane hadde også allereie godtatt inngrep, før dei til slutt motsette seg fleire. Strøksnes meiner seg likevel betre eigna til å avgjere saka enn femten av Noregs øvste dommarar, og han har på same måte stor tillit til sine eigne tolkingar av dommens konsekvensar.
Vi tilrår dei som er interesserte i Fosen-dommen sitt grunnlag og rettslege betydning, å nytte andre kjelder enn Strøksnes.
Strøksnes gjer tidlegare høgsterettsjustitiarius Carsten Smith ein visitt. Visst har Smith ei positiv haldning til samar, men han er ein anerkjent jurist, og Strøksnes sine antydingar om at haldninga fortrengjer faget, er ei form for sverting som ikkje har noko grunnlag. Ein skal vakte seg for å spreie ord om at folk er ufaglege og inhabile berre fordi dei har demonstrert ei positiv grunnhaldning til undertrykte grupper eller sjølv er del av slike grupper.
Vi stussar også over at Strøksnes skriv at det å oppmode minoritetsbefolkninga til å krevje sine rettar langs kysten, er å be dei «sikra seg særrettar». Det ein ber dei om, er å syte for at deira tradisjonelle måte å leve på vert beskytta. Det er nett det SP 27, Grunnlova paragraf 108, og ILO-konvensjonen 169 gjer: dei syter for at tradisjonelle levemåtar kan haldast i hevd i ei tid då dei er i fare for å bli fortrengde av majoritetsfolks statar og næringsliv. Urfolks kultur har spesielle rettar til vern fordi dei er spesielt trua. Det er ikkje noko mystisk ved det. Strøksnes meiner vel ikkje at det berre er interessa til nordmenn som skal beskyttast etter lov og dom? Urfolk har også rettar.
Mikkel Berg-Nordlie er seniorforskar og historikar ved NIBR-OsloMet.
Constance Jessen Holm er senioradvokat og medlem i Advokatforeningens menneskerettighetsutvalg.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Små-ulovleg: Godtet er smått, men er denne reklamen retta mot små eller store menneske? Det kan få alt å seie dersom ei ny forskrift vert vedteken.
Foto: Cornelius Poppe / NTB
«Om høyringsinnspela frå Helsedirektoratet vert inkluderte, risikerer ein å kriminalisere heilt vanleg mat.»
I tillegg til å vere forfattar er Kristina Leganger Iversen også litteraturvitar, samfunnsdebattant og omsetjar.
Foto: Sara Olivia Sanderud
Nedslåande sanning
Kristina Leganger Iversen leverer eit grundig studium av noko som burde vere opplagt for fleire.
To unge mormonmisjonærar, søster Paxton (Sophie Thatcher) og søster Barnes (Chloe East), blir tvinga til å setje trua si på prøve i møtet med herr Reed (Hugh Grant).
Foto: Ymer Media
«Mange av skrekkfilmane no til dags liknar meir på filmar frå syttitalet»
Teikning: May Linn Clement
«Me har ikkje grunnlag for å seia at bokmålsbrukarar har kvassare penn enn andre, men nokre av dei evnar å kløyva kvass i to.»
Gjennom Hitlers progagandaminister Joseph Goebbels får vi eit innblikk i sanninga bak Nazi-Tysklands propagandamaskin.
Foto: Another World Entertainment
Propaganda på agendaen
Fører og forfører er ein drivande historietime om tidenes skumlaste skrønemakar.