I Dag og Tid 8. september 2023 skriv Tore Nesset, professor i russisk språkvitskap, om kva som er enkelt, ikkje innfløkt, om krigen i Ukraina. Mellom anna at krigen er «ein uprovosert åtakskrig som er i strid med folkeretten. Ein autoritær leiar er gått til åtak på eit fredeleg granneland for å utvide imperiet sitt. (...) Det er enkelt».
«Uprovosert», Tore Nesset? Bombene som Ukraina har late regne over Donetsk, på måfå over ein millionby sidan 2014, er ikkje det ein provokasjon? Kva med å invitere Nato heilt opp til Russlands grenser? Det tykte i alle fall president Kennedy var ein provokasjon, når det skjedde den omvendte vegen, på Cuba i 1963.
Eit imperium herskar gjerne over underkua nasjonar. Slik vi ser USA herskar over Tyskland i dag (og Noreg?). Er det imperialisme at russarane i Donbass og på Krim ville fri seg frå dei russarfiendtlege nye herrane i Kiev?
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.