Komplekst
Ønskjer du å delta i debatten? Då kan du sende innlegget ditt til ordskifte@dagogtid.no
Krigen i Ukraina
Når akademikarar nyttar ordet komplekst, lyt ein vere på vakt. Dette er eit moteord som i mange tilfelle tåkelegg meir enn det klargjer. Det gjeld også i ordskiftet om krigen i Ukraina.
Komplekst tyder «samansett». Ordet høver derfor om innfløkte spørsmål der mange faktorar speler inn og gjerne peikar i ulike retningar. I ein kronikk om krigen i Ukraina skreiv Julie Wilhelmsen at «verden er mer kompleks enn vi ønsker å fremstille den som» (Aftenposten 12. august). Det er sjølvsagt rett at verda er kompleks, for til sjuande og sist heng alt saman med alt. Men særskilt informativ eller klargjerande er ikkje utsegna, all den stund det er uråd å vere usamd.
Medan mykje er samansett og innfløkt, er det viktig å halde fast ved at dei grunnleggjande spørsmåla rundt krigen i Ukraina ikkje er komplekse. Det er klart kven som starta krigen (Russland), og det er klart at dette er ein uprovosert åtakskrig som er i strid med folkeretten. Ein autoritær leiar er gått til åtak på eit fredeleg granneland for å utvide imperiet sitt. Dette er ikkje komplekst. Det er enkelt.
Eit vanskelegare spørsmål er om Ukraina skulle få klasevåpen frå vesten. På den eine sida står Ukraina midt i ein legitim forsvarskrig der dei treng alle våpen dei kan få. På den andre sida er dette fælslege våpen som Noreg og mange andre land ønskjer å forby (sjølv om nyare klasevåpen er «reinare» enn klasevåpen av eldre årgang). Dette er eit klassisk dilemma. Det er rimeleg at ulike ekspertar og kommentatorar kom til ulike konklusjonar, fordi det er vanskeleg å seie sikkert kva alternativ som vil medføre mest liding i krigen på lang sikt. Men komplekst er spørsmålet strengt tatt ikkje, for det er ikkje tale om eit komplisert samspel av mange faktorar. I staden koker spørsmålet om klasevåpen ned til å vurdere to omsyn mot kvarandre. Vanskeleg, men ikkje komplekst.
Vi treng eit nyansert ordskifte om krigen i Ukraina, men lat oss pensjonere moteord som tåkelegg meir enn dei klargjer. Klare tankar krev klart språk.
Tore Nesset er professor i russisk språkvitskap ved UiT Noregs Arktiske Universitet.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Jørgen Boassen har vorte kjend langt utanfor Grønlands grenser etter at han viste Donald Trump jr. omkring i Nuuk.
Foto: Christiane Jordheim Larsen
Alle auge på Grønland
NUUK, GRØNLAND: 2025 starta med vaksenopplæring om Grønlands geopolitiske betyding. Saman med store delar av den vestlege pressa har eg følgt spora etter Donald Trump jr. i hovudstaden Nuuk.
Afghanarane som spelar i filmen til Raha Amirfazli og Alireza Ghasemi, har flykta frå Iran.
Foto frå filmen
Filmglede
Det er alltid kjekt å opne det nye året med mykje film.
Albumet som no er ute, tek utgangspunkt i spesifikke Aphex Twin-konsertar.
Skjermdump frå YouTube
Raritetar i utval
Enkeltpersonorkesteret Aphex Twin samlar «djupe kutt» i utval til glede for store og små.
Den svenske Duo SolRoos, med luttspelaren Dohyo Sol og blokkfløytisten Emilie Roos.
Foto: Alf Ljungquist
Meistermøtet
Duo SolRoos gjev oss atterklangar av Weiss og Bach i samspel.
Teikning: May Linn Clement
Forgard i nord
Kan USA kome til å ta over Grønland med makt?