Ordskifte

Upresist og ufullstendig

Publisert

I Dag og Tid 9. januar syndar Rolf Aaberge, som er forskar ved Universitetet i Oslo og Statistisk sentralbyrå, mot fleire spelereglar for god debatt. Han gjev att meiningane mine upresist, han påstår at han veit kva eg «alltid» gjer når eg diskuterer ulikskap, og han sår tvil om motiva mine. I tillegg let han vere å greie ut sine eigne standpunkt på ein fullstendig måte.

Aaberge skriv at «den økonomiske ulikskapen har auka jamt og trutt dei siste 30–40 åra». Eg står fast ved det eg svara Dag og Tid 19. desember: Inntektsforskjellane i Noreg har vist ein svak auke sidan 1980-talet, men skilnadene er små og ganske stabile.

Formuesulikskapen er større, men tala frå SSB viser at delen dei aller rikaste har, går litt opp og ned, og sidan 2020 har han lege ganske stabilt. Poenget er likevel ikkje at vi har få rike, men at det er svært jamt mellom resten, det vil seie om lag 99 prosent av oss.

Aaberge meiner at eg har «som mål å så tvil om forskingsresultat som ikkje passar inn i omtalen av Noreg som eit egalitært land». Det er freidig, men i det minste klår tale.

For eg er sjølvsagt klar over at Aaberge med fleire meiner at tilbakehalde overskot er å rekne som inntekt, og at dei meiner dette er eit prov på at det har vore «ein dramatisk auke i konsentrasjonen av inntekt og eigarskap i Noreg».

Men Aaberge er på si side sikkert også klar over at dette er svært omstridde synspunkt – av minst tre grunnar.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement