Økonomi
Avsporing frå Clemet
Kristin Clemet påstår i eit intervju i Dag og Tid 19. desember at Noreg er eit egalitært land, sjølv om ei rekkje publikasjonar frå SSB-forskarar viser at den økonomiske ulikskapen har auka jamt og trutt dei siste 30–40 åra og no har nådd førkrigsnivå. Clemet pleier alltid visa til offisiell statistikk frå SSB når ho har som mål å så tvil om forskingsresultat som ikkje passar inn i omtalen av Noreg som eit egalitært land. Problemet med dei offisielle statistikkane for inntekt og formue er at dei er bundne av internasjonale standardar og ikkje har som siktemål å gi ei fullstendig forklaring på fordelingar av økonomisk ulikskap.
Blant anna er inntektsstatistikken avgrensa til å rapportera den delen av inntektene frå marknaden som er rapportert i dei årlege skattemeldingane. Men sidan dei rikaste i Noreg har eigarskap i mange selskap, og har høve til å spara overskota i selskapa skattefritt i eigne holdingselskap, vert desse inntektene ikkje rekna med i inntektsstatistikken til SSB.
Viss ein reknar med desse inntektene, viser studiar frå SSB (Aaberge, Modalsli og Vestad, 2020, og Vestad, 2024) at den rikaste 1-prosenten hadde auka sin del av marknadsinntektene frå 12 prosent i 2001 til 23 prosent i 2022, som er meir enn det dobbelte av det som vore rapportert i skattemeldingane i 2022. Dette viser at det har vore ein dramatisk auke i konsentrasjonen av inntekt og eigarskap i Noreg.
Denne utviklinga ville også ha kome endå klarare til syne i formuesstatistikken viss verdsettinga av selskapa som ikkje er noterte på Oslo børs, hadde vore i samsvar med marknadsverdiane. I staden vert det nytta bokførte verdiar.
Clemet og andre Civita-tilsette viser også stadig vekk til oljeformue som er plassert i aksjar og eigedomar i utlandet, i diskusjonar om aukande konsentrasjon av privat rikdom og makt. Her blandar ho/dei korta. For det første er ikkje oljeformuen disponibel for innbyggjarane; denne formuen er disponert av Stortinget og bestemt spart for framtidige generasjonar. Kor mykje av avkastninga som skal brukast årleg til offentlege tenester, næringssubsidiar og skattelette, er det stortingsfleirtalet som bestemmer, ikkje dei enkelte innbyggjarane.
Den private formuen, derimot, kan kvar og ein av oss disponera slik vi ønskjer, og eventuelt overføra skattefritt til barna. Derfor medfører auka konsentrasjon av privat formue også auka konsentrasjon av makt som kan bli arva.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.