Siri Helle skriv i ein kommentar i Dag og Tid 12. januar at konkurransesamfunnet blir opplevd ulogisk. Vi i Konkurransetilsynet forstår at konkurransesaker og konkurransepolitikk nokre gonger kan vere vanskelege å forstå.
Konkurranse er ikkje eit mål i seg sjølv, men eit middel for at forbrukarar, næringsliv og samfunnet generelt skal få lågast moglege prisar og høgast mogleg grad av innovasjon, utval og kvalitet. I eit velfungerande marknadssystem konkurrerer fleire aktørar seg imellom for å kunne tilby den beste kombinasjonen av pris og kvalitet, men effektane av slik konkurranse avheng òg av bransjespesifikke forhold.
I nokre bransjar er det krevjande å sikre velfungerande konkurranse. Det Konkurransetilsynet kan gjere noko med, er å hindre konsentrerte marknader gjennom fusjonskontroll og å slå ned på konkurransehemmande åtferd som ulovleg samarbeid og misbruk av dominerande stilling. I tillegg kan vi påpeike reguleringar som hemmar konkurranse. I nokre marknader kan det likevel vere politisk bestemt at marknadsmekanismar skal setjast ut av spel av omsyn til andre verdiar enn konkurranse.
Når det gjeld meierimarknaden, har Konkurransetilsynet peikt på at fleire aktørar vil bidra til lågare prisar, godt utval og betre samsvar mellom tilbod og etterspørsel. Tilsynet, som normalt er kritisk til subsidiar, har tatt til orde for framleis konkurransestøtte til meieriutfordrarar. Slik støtte er naudsynt for å sikre at det er noko konkurranse i ein marknad som elles er dominert av den største aktøren og marknadsregulatoren, Tine. Støtta har gjort det mogleg for nye aktørar å kome inn i kjøledisken med nye og spennande produkt. I denne samanhengen inneber bortfallet av konkurransestøtte dårlegare konkurranse.
Flest mogleg aktørar gir best konkurranse også i flymarknaden. I denne marknaden har likevel det konkurransefaglege spørsmålet handla om noko heilt anna enn subsidier, nemleg ei rettsleg vurdering av om det er grunnlag for å gripe inn. I Konkurransetilsynets vurdering av om Norwegian skulle få kjøpe Widerøe, kunne vi berre forby oppkjøpet dersom vi kunne grunngi kvifor oppkjøpet ville hindre konkurranse, slik lovens ordlyd krev. Utan slik grunngiving måtte oppkjøpet godkjennast.
Vi forstår at argumentasjonen knytt til dei to marknadene kan verke ulogisk, men prinsippa tilsynet forfektar, er dei same. Norwegian og SAS er meir utsette for konkurranse frå utlandet enn eit beskytta norsk landbruk, men i begge marknadene ønskjer vi å sjå fleire aktørar, mindre behov for subsidiar og tøffare konkurranse.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.