JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Ordskifte

Ukraina er ikkje Chile

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
2515
20230929
2515
20230929

Ønskjer du å delta i debatten? Då kan du sende innlegget ditt til ordskifte@dagogtid.no

Krigen i Ukraina

Russlands fullskalainvasjon av Ukraina i februar 2022 sjokkerte verda og har sidan prega det internasjonale nyheitsbildet. For første gong sidan andre verdskrig prøver eit europeisk land med vald å tvinga under seg eit anna uavhengig europeisk land, stikk i strid med den folkeretten freden i Europa har bygd på sidan 1945, og den utanrikspolitikken Noreg står for. Dei aller fleste land i verda, med USA og Europa i spissen, har teke sterk avstand frå Russlands aggresjon.

Men Morten Strøksnes finn i Dag og Tid 25. august 2023 dette som eit passande høve til eit massivt åtak på utanrikspolitikken til Ukrainas viktigaste støttespelar, USA. Påskotet er at Natos generalsekretær Jens Stoltenberg under arendalsveka sa noko sånt som at: «Det er ikke slik at stormakter har rett til interessesfærer og kan bestemme hva små naboland kan gjøre.» Ifølgje Strøksnes har «det amerikanske imperiet» gjennom to hundre år ikkje drive med anna enn å utvida sine interessesfærar mest mogleg.

I ein forsøksvis sakleg kommentar våga eg meg først til å hevda at Strøksnes misbrukte omgrepet «interessesfære» og gav ei misvisande og til dels feilaktig framstilling. Etter eit svar der han berre skjerpa tonen, valde eg å hengja bjølla på katten og slo fast at Strøksnes driv med antiamerikansk relativisme. Ved å redusera krigen i Ukraina til ein maktkamp mellom stormaktene USA og Russland spring han Putins ærend og undergrev Ukrainas fridomskamp.

I staden for å gå inn på dette dreg Strøksnes så krenkingskortet. I førre utgåve av Dag og Tid seier han takk for seg med eit innlegg der han påstår at eg har kalla han «svikar» og «nyttig idiot for Putin», noko som er «den usles siste argument». Mens eg fremjar «lettkjøpt supporterpsykologi som kolporterer det som er amerikansk propaganda» er det hans «plikt (...) å søke sanning på eit objektivt grunnlag og å peike på dobbeltmoral». Denne stolte plikta omfattar altså å kalla Noregs tidlegare statsminister «Washingtons mann i Brussel» (overskrifta i den første artikkelen), med andre ord ein svikar og nyttig idiot for Biden. Derimot er det utillateleg at nokon peikar på at Strøksnes argumenterer heilt i tråd med russisk propaganda.

Dermed var det slutt på den «debatten». Men eg takkar Dag og Tid for plass til det eg meiner er ei meir balansert framstilling. Ukraina i dag er ikkje som Chile for femti år sidan. Amerikansk utanrikspolitikk har heldigvis også endra seg sidan då.

Tore Nedrebø er tidligare diplomat.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar

Titusenvis av menneske har samla seg framfor parlamentet i Tbilisi dei siste vekene, i protest mot det dei kallar «den russiske lova».

Foto: Ida Lødemel Tvedt

ReportasjeFeature

Krossveg i den georgiske draumen

TBILISI: Demonstrasjonane i Georgia kjem til å eskalere fram mot 17. mai.
Mange meiner at det er no landet tek vegvalet mellom Russland og Vesten.  

Ida Lødemel Tvedt

Lars Elling har skrive eit portrett av venen Stian Carstensen.

Foto: Trond A. Isaksen

BokMeldingar
Odd W. Surén

Singel og sanatorium

Lars Elling skriv sprudlande, intelligent overskotsprosa
frå sinnets undergrunn.

Oppsettingar og konsertar er ein viktig og synleg del av skolegangen på musikklinjene. Her frå Hakkebakkeskogen ved Stord vidaregåande skule.

Foto: Stord vgs

MusikkKultur
Helga JohanneStørdal

Kampen om kunstfaga

Om kunstfaglege linjer ved vidaregåande skolar har livets rett, er ein årleg debatt når elevplassar og kroner skal fordelast.

Den norske fiskeflåten er mangfaldig. Her er ringnotfartøy ved kai i Egersund våren 2017.

Foto: Per Anders Todal

Samfunn
Per Anders Todal

Fiskar er fiskar verst

Striden om kvotemeldinga kan få Fiskarlaget til å rivne.

Sviskadar frå maneter kan vere smertefulle og gje store skadar på oppdrettsfisk.  I 2023 døydde fleire millionar laks etter angrep av perlesnormaneter (Apolemia uvaria).

Foto: Mattilsynet

DyrFeature

Den sure svien

I fjor vart angrep av maneter brått rekna med som ei av dei fem viktigaste årsakene til laksedauden, korleis kan noko slikt skje?

Arve Nilsen

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis