Trugsmål mot rettsstaten i USA
Å diskutere prinsippa for tilhøvet mellom den dømande og den utøvande makta med Fløgstad er som å diskutere med ein vegetarianar korleis biffen skal steikast. Det vert ein dårleg dialog.
Les også «Juntaen styrer».
Når han skal ha det til at høgsteretten «herskar» i USA, er «upresist» eit svakt ord. Interessant at dette er henta frå ein spaltist i Washington Post. Dette er demagogi eigna til å hisse opp folk. Presidenten sjølv har blåse til elden ved å hevde at domarane står for ein «ekstrem ideologi».
Aborttilhengjarar har demonstrert utanfor husa til domarane, og ein væpna mann vart i juni arrestert nær heimen til domar Kavanaugh, sikta for forsøk på kidnapping eller drap. Samstundes gjennomfører føderale politiorgan massive raid mot fredelege pro-liv-forkjemparar og annan konservativ opposisjon, som Det kvite huset no har definert som «innanlandske terroristar». Me er vitne til ein politisert bruk av den føderale justismakta i USA som saknar sidestykke i landet, jamvel om norske medium teier om dette.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.