Juntaen styrer
Kjartan Fløgstad.
Foto: Julie Pike
Ønskjer du å delta i debatten? Då kan du sende innlegget ditt til ordskifte@dagogtid.no
Rettsvesen
Av mulige diskusjonar etter utgivinga av romanen Habeas Corpus må eg seia at den advokat Øivind Østberg legg opp til, dessverre er den minst interessante. Opplysninga om at det amerikanske rettsvesenet er gjennompolitisert, har knapt slått ned som ei bombe andre stader enn i advokat Østbergs sinn. Heller ikkje skaper det overskrifter å hevda at den autoritære vendinga i land som Polen og Ungarn heng saman med å politisera rettsvesenet. Etter kvart er det vel kjent at i marknadsstyrte samfunn verkar rettsleggjering av politikken og politisering av domstolane saman for å svekka folkestyret. At advokaten trekker inn stader som Sauda, Cuba og Kina i eit ordskifte om lov og rett i USA, gjer det heller ikkje freistande å føra samtalen vidare. Lat meg derfor avslutta med å visa til ei kjelde som er garantert upletta av bakgrunn frå Sauda og av andre raude flammar:
«Det er ikkje ditt land lenger. Du blir nå styrt av ein løyndomsfull og ansvarslaus junta i lange svarte kapper, og det er noko som vil få følger.
Våre de facto herskarar er høgsterettsdommarane Clarence Thomas, Samuel A. Alito Jr., Neil M. Gorsuch, Brett M. Kavanagh og Amy Coney Barrett, med justitiarius John. G. Roberts Jr. vanlegvis med på laget. Pass på å hugsa namna deira, fordi nå er det dei som styrer, og dei ser for seg eit USA som er vidt forskjellig frå den nasjonen vi var vane med.»
Under tittelen «Det er ikkje ein domstol. Det er ein junta» skreiv spaltisten Eugene Robinson i The Washington Post den 27. juni 2022 dette som ein direkte kommentar til abortvedtaket i høgsterett. Og han la til: «Dei vil ha eit land der kvinner, på ny, i beste fall skal vera andrerangs borgarar. Vedtaket sist fredag om å oppheva den skilsettande dommen Roe mot Wade som verna grunnlovsretten til abort, betyr at kvinner, i motsetnad til menn, ikkje lenger har råderett over sin eigen kropp.»
I følge Øivind Østberg skal grunnlovsmetafysikken bak denne juridiske omveltinga av politikken vera provet på at det amerikanske rettsvesenet ikkje er politisert. Spaltisten i Washington Post ser det ikkje slik, han avsluttar artikkelen på denne måten:
«Det er klårt at juntaen vil omskapa heile landet så det passar inn i deira reaksjonære visjon. Og sidan medlemmene er oppnemnde på livstid, er dei unge nok til å fullføra jobben.
Det finst éin måte, og berre éin måte, for å hindra at denne dystopien blir gjort verkeleg: Vel presidentar, kongressmedlemmer, guvernørar og lovgivarar i delstatane som vil bruka all si makt – som samla er større enn makta til juntaen – for å bøya bogen i vårt moralske univers attende mot rettferd.
Røystene våre er det einaste våpenet vi har. Enten brukar vi dei, eller så taper vi framtida.»
I denne striden er det advokat Øivind Østberg set si lit til høgsterettens kappekledde, løyndomsfulle, ansvarslause og reaksjonære visjon.
Kjartan Fløgstad er forfattar.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Mina Hadjian saman med Rune.
Foto: Norsk Filmdistribusjon
Von for verstingar
Dokumentaren til Kari Anne Moe er ei kjærleikserklæring til Mina Hadjian og fengselsfuglar.
Rapartist og skodespelar Benedicte Izabell Ekeland imponerer i monologen om Cassandra.
Foto: Stig Håvard Dirdal / Rogaland Teater
Ordflaum om meininga med livet
Måten rapartist Benedicte Izabell Ekeland framfører ein lang monolog på ei naken teaterscene på, er imponerande. Men kva snakkar ho om i nesten ein time?
L’arpa festante blei grunnlagt i München i 1983.
Foto: Günter Ludwig
Frankofil elan
L’arpa festante spelar best der det går fort.