Tiltak som styrker folks økonomi
Ønskjer du å delta i debatten? Då kan du sende innlegget ditt til ordskifte@dagogtid.no
Ønskjer du å delta i debatten? Då kan du sende innlegget ditt til ordskifte@dagogtid.no
FrP sin finanspolitiske talsperson Hans Andreas Limi kjem i eit innlegg i Dag og Tid den 24. juni med ei oppsiktsvekkjande påstand. Limi skriv: «Ap/Sp-regjeringen legger opp til a° bruke 30 milliarder kroner ekstra oljepenger i revidert nasjonalbudsjett, men uten a° bruke en krone pa° a° hjelpe vanlige folk med den kraftige prisveksten.» Dette er definitivt ein feilaktig påstand frå Limi.
Det er rett at bruken av oljepengar i revidert budsjett ligg kring 30 milliardar kroner over det som var lagt til grunn då statsbudsjettet vart vedteke i haust. Det Limi og Frp ser heilt bort frå, er at i løpet av våren så har Stortinget auka bruken av oljepengar med 60 milliardar kroner. Dette er pengar som er nytta til fornuftige tiltak for å styrka forsvaret og tryggleiken i samband med krigen i Ukraina. Det er tiltak for å kompensera bedriftene i møtet med pandemien. Og det er betydeleg med milliardar til å kompensera folk – både vanlege og andre folk – for auka straumutgifter.
Når det gjeld drivstoffprisane, er det vår klare oppfatning at dei er for høge. Altfor høge. Då me tok over regjeringsmakta frå Erna Solberg, kutta me i avgiftene på drivstoff samanlikna med framlegget frå dei borgarlege. Prisveksten som har vore, er eit resultat av marknadsmessige tilhøve.
Vår vurdering har vore at det å kompensera straumutgiftene er det viktigaste me kan gjera for vanlege folk. I tillegg til å føra ein politikk for å unngå auke i renta utover den normaliseringa som er venta. Frp sin politikk med kraftig auke i offentlege utgifter vil gje ein betydeleg risiko for å få ei renteutvikling som er ute av kontroll.
I den situasjonen me er i no, vil me gjera det me kan for å føra ein politikk som er best mogleg for vanlege folk. Me kjem til å prioritera konkrete tiltak som styrker folk sin økonomi. Eit viktig bidrag for det er å senka barnehageprisane. Eit anna grep er å gje gratis SFO til fyrsteklassingar. I tillegg til andre målretta grep som gratis ferjer og betra pendlarfrådrag. Ein kan òg nemne at den norske jordbrukspolitikken no gjer at matvareprisane i Noreg aukar mindre enn i andre land. Det er eit system som Frp vil ha bort.
Regjeringa og Senterpartiet sitt politiske prosjekt er å styrka økonomien til vanlege folk med å syta for betre sosial og geografisk utjamning. Sjølv med kutt i heile vegbruksavgifta ville drivstoffprisane vore betydelege.
Vårt mål er at vanlege folk skal koma best mogleg ut av den økonomiske situasjonen me no står i. Frp si løysing kan sjå freistande ut med lågare, men framleis høge, pumpeprisar og ei særs høg rekning til vanlege folk og næringsliv i form av ein økonomi ute av kontroll.