JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Ordskifte

Tid til å lesa

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
2204
20231103
2204
20231103

Ønskjer du å delta i debatten? Då kan du sende innlegget ditt til ordskifte@dagogtid.no

Woke

Mange gjer seg tankar om woke. For somme vert tankane så mange at dei ikkje finn eit utgangspunkt. Då kan ein gjera som i lesarinnlegget til Øyvind Kvalnes 27. oktober, «Ungdomen sitt moralske alvor». Han finn eit springbrett i dei fem woke-essaya eg skreiv i Dag og Tid i haust.

Kvifor han gjer det, veit eg ikkje, for han finn eigne tankar om woke meir interessante enn mine – som i og for seg er greitt, eg har det vel på same vis.

Til dømes gjer han ikkje lesaren merksam på at essayserien både handlar om og heiter «Woke som religiøs rørsle», i ljos av mellom anna arvesynda, skuld og soning, og sinnelagsetikken. Kan henda har han ikkje har fått det med seg, kan henda finn han det uinteressant.

Om han ikkje har fått det med seg, er det rart, for «Woke som religiøs rørsle» står øvst i faktaboksen i alle fem delane. Om han har fått det med seg, men finn det uinteressant som innfallsvinkel, er det rart at serien min likevel vert innfallsvinkelen hans for dei mange tankane han gjer seg om woke.

Eg gjentek, meiner han, «ei vanleg misforsta°ing blant studentar som tek førebuande prøve og har da°rleg tid til a° lesa og lytta». Ja, det er underleg korleis me menneske finn hjå andre det me ikkje ser hjå oss sjølve –?som å ha «dårleg tid til å lesa og lytta».

Eit døme: I femte delen (13. oktober), «Verda er antiwoke», syner eg at mange politiske leiarar utanfor Vest-Europa er uttala antiwoke. Eg nemner Putin, Duterte, Bolsonaro, Trump, Orbán, Iran, Slovakia. Lista er lang. Dette er noko dei fleste har fått med seg. Men ikkje Kvalnes: «Eg fell av na°r Rem kjem med pa°standar om at ‘resten av verda er antiwoke’, og liknande generaliseringar.»

Til slutt skriv han: «Rem har ambisjonar om a° trekke opp store historiske linjer og forklare viktige fenomen i verda. Det trur eg ein har betre utsikter til a° klare om analysen er forankra i ei forsta°ing av det nære og konkrete.»

Om Kvalnes les fyrste delen (15. september), vil han oppdaga at eg nyttar to heile sider til å gjera greie for soga til sjølve ordet woke. Med andre ord: «Analysen er forankra» i noko som er så nært og konkret at han har hatt det i munnen.

Håvard Rem er journalist i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Rita Paramalingam er fødd i 1993 i Oslo og er jurist. Ho debuterte i 2017 og kjem no med sin andre roman.

Foto: Marthe Haarstad

Meldingar

Den vanskelege sameksistensen

Rita Paramalingam skriv overtydande om sosial dysfunksjonalitet.

Odd W. Surén

Teikning: May Linn Clement

BokMeldingar
Olav H. Hauge

Olav H. Hauge-dagbøkene

15. mars 1938: «Sume er so redde for å ta frå andre, eller rettare vera ved at dei låner; dei prøver på død og liv vera originale.»

Det er seks år sidan Norma Winstone gav ut førre album.

Foto: Michael Putland / ECM Records

MusikkMeldingar
Lars Mossefinn

Hand-i-hanske-duo

Norma Winstone er ein tekstforfattar av rang.

Erling Indreeide har mellom anna skrive fleire diktsamlingar, musikk- drama og essay.

Foto: Julie Engvik

BokMeldingar
Sindre Ekrheim

Noko for seg sjølv og noko for kvarandre

Erling Indreeide har skrive ei bok som eig ei uvanleg sterk poetisk tankekraft.

Svenske soldatar øver på grensa mellom Noreg og Finland under Nordic Response i 2024.

Foto: Heiko Junge / NTB

Ordskifte

«Det dreier seg om å ha eit truverdig forsvar som held fiendar borte.»

Tor OlavHauge

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis