JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Ordskifte

Ungdomen sitt moralske alvor

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
4609
20231027
4609
20231027

Ønskjer du å delta i debatten? Då kan du sende innlegget ditt til ordskifte@dagogtid.no

Woke

På veggen utanfor Blitzhuset i Oslo står det ei streng åtvaring til dei som vurderer å gå inn. «Klå å få deng». Beveger du deg innafor desse veggane er det ingen toleranse for at hendene dine hamnar på kroppen til folk som ikkje ønskjer det. Eg har vurdert å banke på døra og seie frå at det er ein grammatisk feil i fråsegna. Det skal sjølvsagt vere «Klå og få deng». Så har det aldri blitt til at eg har gjort det. Det er førti år sidan eg sist var i huset. Kan hende det vankar deng også for å påpeike ein skrivefeil.

Eg kom til å tenkje på dette da eg oppdaga Håvard Rem sin ambisiøse artikkelserie om woke. Kunne den hjelpe meg til å forstå ting eg grublar over om kjeldene til ungdomen sitt djupe moralske alvor? Kva er det som gjer desse ungdomane så moralsk harde i møte med andre?

Blitzfolk har i alle år vore opptekne av rettferd og respekt på tvers av etniske, seksuelle og kulturelle grenser. Det djupe moralske alvoret har vore der frå starten. Det same har viljen til å stå opp for haldningane sine og skrike dei ut om nødvendig. Kor tek dei det frå?

Ungdomen sitt moralske alvor viser seg i ulike situasjonar. På markeringa av ein syttiåring er gjester frå ulike generasjonar samla. Ein av dei eldste held ein tale for jubilanten, og mimrar om da dei var unge. «Det blei ein del klaps og klåing på dansegolvet i dei åra», seier ho, til munterheit blant jamgamle av begge kjønn. Dei unge i rommet har steinansikt på. Dette finn dei ikkje morosamt i det heile.

Eg gjekk til Rem sine artiklar med ei forhåpning om å lære meir om kjeldene til ungdomen sitt moralske alvor. Så viste det seg at forfattaren hadde mykje større ambisjonar enn som så. Med wokebriller på prøver han å forklare politisk og sosial utvikling over heile kloden. Dette blir for stort og svulstig for meg. Eg fell av når Rem kjem med påstandar om at «resten av verda er antiwoke», og liknande generaliseringar. Det er liksom ikkje grenser for kva ein kan oppdage med wokeblikket.

I nest siste artikkel tek Rem for seg den negative utviklinga rundt innvandring i Sverige. Den forklarer han med at det er sinnelagsetikken som har fått dominere. Han hevdar at dette er ein etikk som ikkje verdset konsekvensar i det heile, berre sinnelaget til avgjerdstakaren. Her gjentek han ei vanleg misforståing blant studentar som tek førebuande prøve og har dårleg tid til å lesa og lytta. Sinnelagsetikken seier sjølvsagt ikkje at konsekvensar er irrelevante. Kjernen i denne etikken er at det finst forhold som er viktigare enn konsekvensar, slik som å møte folk med respekt og verdigheit. Om du ikkje har styring på konsekvensane av eigne handlingar, kan du ikkje forvente støtte frå sinnelagsetikken.

Sverige har i mange år vore eit av landa i Europa der konsekvensetikken har stått sterkast, både akademisk og praktisk. Derfor verkar det lite truverdig at akkurat sinnelagsetikken skal vere den eine store syndebukken når ein skal forklare den mislykka innvandringspolitikken i landet.

Filosofen Arne Næss var oppteken av å bringe saman folk med ulike meiningar og få dei til å snakke saman. Etter andre verdskrig inviterte han til seminar med folk som hadde stått på ulike sider under krigen. Han fekk dei til å snakke saman og bli kjende med kvarandre. I botnen låg ei nysgjerrigheit: Kva slags folk er eigentleg dette? Kva er viktig for dei? Korleis hamna dei der dei gjorde under krigen?

Også seinare oppmuntra Næss folk til aktivt å oppsøkje meiningsmotstandarar. Unge filosofar som fekk hard medfart i ein kronikk eller ei bokmelding, fekk høyre at dei burde kontakte kritikaren. Set deg på T-banen og dra til Jar for å snakke med han som er så djupt ueinig i det du skriv! Viss vi berre omgir oss med folk med dei same oppfatningane som oss sjølve, så går vi glipp av mykje læring.

Kan hende det er Rem som burde banke på døra til Blitzhuset og be om ein prat med dei unge moralsk alvorlege? Då kan han komme tettare på fenomenet, og kanskje forstå det betre.

Det eg saknar i Rem sine tekstar om woke og ungdommens smittsame moralske alvor, er undring. Kva skjer om vi set oss ned og lyttar til kva desse kompromisslause moralistane har å seie? Kva er viktig for dei? Korleis ser dei på framtida si? Kvifor ler dei ikkje av skjemt om klaps på fest? Kva slags overlapp er det mellom deira haldningar og dei som finst hos eldre generasjonar?

Rem har ambisjonar om å trekke opp store historiske linjer og forklare viktige fenomen i verda. Det trur eg ein har betre utsikter til å klare om analysen er forankra i ei forståing av det nære og konkrete.

Øyvind Kvalnes er filosof.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Omvend baug: X-Bow-en er utvikla av Ulstein og vert no for første gong nytta på ein fiskebåt.

Foto: Westcon

FiskeSamfunn

Båtbyggjarfolket

Trålaren «Ecofive» er både ei teknologisk nyvinning og eit resultat av den urgamle båtbyggjarkulturen på Vestlandet.

William Sem Fure

Foto: Julie Pike

LitteraturFeature

– Eg kan ikkje sovne inn i mitt eige liv

Ein abort gjekk frå å vere nemnd i forbifarten til å gje den nyaste romanen tittel.

IdaFrisch

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis