JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Ordskifte

Tid for å følge menneskerettane

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Markering mot Fosen-vindkraft utanfor Sametinget.

Foto: Jan Langhaug / NTB

2468
20230317
2468
20230317

Ønskjer du å delta i debatten? Då kan du sende innlegget ditt til ordskifte@dagogtid.no

Fosen-saka

I ein leiar i Dag og Tid skriv redaktør Svein Gjerdåker at det er tid for eit kompromiss i Fosen-saka, og at vi må finne ei løysing der vindturbinane får stå, samtidig som reindrifta på Fosen får fortsette, om enn ikkje heilt som før.

MDG er einig med Gjerdåker i at dette er ei vanskeleg sak med mange dilemma, til dømes mellom natur og rein energi, som vi treng meir av i framtida. Det er likevel ein farleg veg å gå dersom vi vel å ikkje følge menneskerettane fordi det får så store økonomiske eller praktiske følger.

At menneskerettane kan vere eit politisk problem, er heile poenget – det skal hindre fleirtalet i å krenke mindretalet sine rettar. Rettsgarantiar kan ikkje bygge på og verte avgrensa av fleirtalet sine oppfatningar.

I Fosen-saka inneber det at menneskerettane til den samiske befolkninga og deira rett til å drive reindrift på Fosen må trumfe storsamfunnet sitt behov for kraft frå akkurat denne vindparken. Dette omsynet må òg trumfe omsynet til dei sure kronene det vil koste å ta ned deler av eller heile vindparken.

Det er ikkje den samiske befolkninga som skal lide fordi det blei gitt konsesjon til å bygge vindpark, før spørsmålet om det krenkte reindriftsutøvarane sine menneskerettar, var avgjort i retten. Regjeringa tok den gongen ein råsjanse på at staten ville vinne i retten, men ho tapte. Kva for presedens vil det ha for seinare saker, dersom vi no godtek vindparken likevel?

Fosen-saka har vore utreda i meir enn ti år i rettsvesenet. Høgsterett har i handsaminga av saka sett på om det finst gode nok avbøtande tiltak for at reindriftsutøvarane skal kunne ha dyra på vinterbeite og utøve kulturen sin, samtidig som vindturbinane held frem med drifta som i dag, men har ikkje funne slike løysingar. Det er derfor aktivistane meiner at den einaste moglege konklusjonen er at vindturbinane må takast ned, sjølv om ikkje det står beint fram i dommen.

Vi står midt i ei naturkrise kor artar døyr ut i rekordtempo, og vi kan derfor ikkje lenger halde fram med å øydelegge meir og meir natur utan også å øydelegge moglegheitene for dei som kjem etter oss. Regjeringa har nettopp signert ein internasjonal avtale der Noreg har lova å verne 30 prosent av naturen vår.

Enten det er på Fosen eller i Amazonas, har urfolk ei heilt essensiell rolle i å forvalte naturen. Som storsamfunn er dette noko vi burde takke for, ikkje øydelegge for.

Arild Hermstad er partileiar i MDG.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Villreinbestanden i Noreg i dag er på rundt 25.000 dyr vinterstid. Sidan 2021 har villreinen vore klassifisert som nær truga på den norske raudlista.

Foto: Paul Kleiven / NTB

Kommentar

Villrein i eit villnis

Stortingsmeldinga om villrein er ikkje til å verte særleg klok av.

Eva Aalberg Undheim

Teikning: May Linn Clement

KommentarSidene 2-3

Vill vest i villmarka

Det har gått hardt for seg i den norske fjellheimen dei siste åra. Slik blir det når dei som kunne ha dratt i naudbremsen, er blant dei største pådrivarane for nedbygging av natur.

Astrid Sverresdotter Dypvik

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis