JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Leiar

Tid for kompromiss

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
1934
20230310
1934
20230310

Som vi alle veit no, til og med regjeringa, bryt bygginga av dei 151 vindturbinane på Fosenhalvøya med FN-konvensjonen om sivile og politiske rettar og den retten reindriftssamane i området har til eiga kulturutøving.

Men saka er ikkje ferdig av den grunn, for det er ikkje plasseringa av vindturbinane i seg sjølv som bryt med menneskerettane. Menneskerettsbrotet skjer fordi det ikkje har vorte gjort tilfredsstillande avbøtande tiltak for å minska dei negative konsekvensane for reindriftssamane.

No er det opp til staten å få til slike avbøtande tiltak. Elles må turbinane rivast. Og ikkje berre det, det kan òg koma på tale å måtta føra naturen tilbake slik han var før utbygginga. Altså å få bort alle dei mange kilometerane med vegar som er bygde til anlegget.

Å få til gode avbøtande tiltak vert ikkje lett. Å løysa det med vinterfôring – høy, silo, innsamla lav eller kraftfôr frå Felleskjøpet, noko som vert meir og meir vanleg i Finnmark – kan undergrava den kulturelle verdien til reindrifta og svekkja legitimiteten til næringa.

Vindturbinane på Fosen skulle ikkje vore bygde. Og vi bør i det heile vera restriktive til nye store vindkraftutbyggingar på land. Vi har eit ansvar for å verna utmarka og naturen vår mot store inngrep.

Men likevel, no står no eingong desse svære turbinane til seks milliardar kroner der. Å riva dei vil kosta fleire hundre millionar. Om vegane òg skal bort, blir det endå meir. Og kva med erstatning til eigarane for tapte driftsinntekter i det som er att av konsesjonsperioden?

Kven som vert sitjande med rekninga til slutt ved ei avvikling – staten eller utbyggjaren – er ikkje klart i dag.

Dessutan trengst krafta. Alt dette legg i praksis sterke avgrensingar på handlingsrommet. Partane bør difor medverka til å få løyst denne saka utan at alle vindturbinane må rivast, samstundes som reindrifta på Fosen kan halda fram, om enn ikkje heilt som før.

Svein Gjerdåker

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Ludmila Shabelnyk syner bilete av sonen Ivan i landsbyen Kapitolivka ved Izium i Ukraina, 25. september 2022. Russiske okkupasjonsstyrkar mishandla Ivan grovt før dei drap han. Landsbyen vart seinare gjenerobra av ukrainske styrkar.

Foto: Evgeniy Maloletka / AP / NTB

KommentarSamfunn

Overgrep som skakar folkeretten

Okkupasjonsmakta Russland viser ingen respekt for konvensjonen som skal verne sivile i krig.

Cecilie Hellestveit

Nana rise-Lynum er redaktør i Norsk Barneblad.

Foto: Per Anders Todal

Kultur
Hilde Vesaas

Å gi barn det dei ikkje veit at dei vil ha

Norsk Barneblad vart skipa i 1887 og har kome ut kvart år sidan. Sist helg fekk Nana Rise-Lynum Målprisen frå Noregs Mållag for innsatsen som redaktør.

Kina fyrer på alle sylindrane: Ingen bygger ut så mykje kolkraft som kinesarane gjer. Biletet viser eit kolkraftverk i Dingzhou  i Hebei-provinsen.

Foto: Ng Han Guan / AP / NTB

Samfunn
Per Anders Todal

Ein straum av problem

Straumforbruket i verda aukar framleis raskare enn fornybar kraftproduksjon. Kolkraftverk skal varme kloden i mange år enno.

Den såkalla hysjpengesaka mot Donald Trump er inne i andre veke i retten i New York.

Illustrasjon: Jane Rosenberg / Reuters

Samfunn
Eva Aalberg Undheim

Høgt spel i New York

Straffesaka som no går føre seg mot Trump, er den han har størst sjanse til å verte frikjend i. Og vert han det, kan saka òg gje han fleire veljarar, seier kommentator Jan Arild Snoen.

Sveinung Lindaas har gått ut av styret i Dag og Tid.

Foto: Tiril Rem

Samfunn

Takk til Sveinung

Sveinung Lindaas går av som styreleiar i Dag og Tid etter 11 år som leiar og 17 år som nestleiar før det att.

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis